Trond Simarud - foto Simarud Electronic
- Det er ingen legal grunn til å sette anbodet vårt til side. Det var det beste anbodet, og eg syns dette er svært beklageleg.
Det seier Trond Simarud som er administrerande direktør i selskapet Simarud Electronic. I følge dei sjølv, det einaste selskapet som leverte eit totaltilbod på ny redningsbil i Aurland.
- Misbrukt opphavsrettar
Men Simarud Electronic fekk aldri oppdraget fordi kommunen heller splitta anbodet. På den måten kunne tre ulike selskap bygge bilen ilag. Dette trur Simarud i seg sjølv er ulovleg, men han er meir oppteken av at kommunen har brukt selskapet sine opphavsrettar til å spesifisere det nye anbod.
Trond Simarud seier han ser så alvorleg på saka at han klagar Aurland kommune inn for KOFA, "Klagenemnda for offentlige anskaffelser".
Avviser skuldingane
Dette bekymrar ikkje brannsjef Arvid Gilje i Aurland kommune. Han seier dei har basert sine anbod på informasjon frå fleire hald. Han meiner kritikken frå Simarud difor er urimleg, og han avviser skuldingane.