Hopp til innhold

Lurte til å verne seg mot stråling

Hundrevis av familiar i Sogn og Fjordane kan ha blitt lurte til å verne seg mot jordstrålar.

Jan Øren
Foto: Stig B. Hansen, Aftenposten / Scanpix

I Fjaler og Gloppen har nær 20 prosent av husstandane greve ned jernstenger som vern mot strålinga.

- Ingen helseeffekt

Men ein ny rapport frå universitetet i Bergen slår fast at tiltaka til kommunelege Jan Øren berre er tull. 

- Jordstråling er ein teori som ikkje har samanheng med røyndommen. Strålinga kan ikkje påverkast. Vi ser ingen helseskader og det er ingen vits å skjerme seg mot den, seier forskar Anderd Bærheim,  som ilag med to andre har gjennomført ein omfattande studie om jordstråling.

500 husstandar verna

Bakgrunnen var særleg verksemda til tidlegare kommunelege i Gloppen og Fjaler, Jan Øren. Berre i Gloppen vart 500 husstandar verna mot jordstråling fordi Øren meinte strålane gjorde folk sjuke. I media sto han fram og fortalde om svært god effekt av avskjerminga.

Men konklusjonen i undersøkinga er knallhard.

- Øren er ein allright lege, men han har brukt teoriar om jordstråling som ikkje er grunngjevne. Han har og utgitt seg for å vere forskar, noko han ikkje er.

Sjukdommen svingar

Forskarane har no gjort forsøk der dei har brukt falske verneplater istadanfor ekte, og sett akkurat den same effekten. Det dei ser er at uansett tiltak så blir pasienten betre, noko dei forklarar slik:

- Det er berre sjukdommen som svingar fram og tilbake.

- Har ikkje lurt nokon

Jan Øren som no er kommunelege i Ulvik seier han sjølv har vore med på undersøkinga og vedgår den er til å lite på. Han står på at erfaringane viser at jordstrålar er farlege.

- Eg har ikkje lurt folk til å vere med på dette. Men eg kan berre hevde det eg har erfart. Skal ein få bevisa må ein jo snakke med veldig mange folk som har fått gjort denne skjerminga.