Hopp til innhold

Lurt av Nigeria-svindlarar

Trass fleire åtvaringar, taper bank-kundar millionbeløp på såkalla «Nigeria-brev».

Problemet med «Nigeria-svindel» har vakse seg så stort den siste tida, at Sparebanken Sogn og Fjordane finn grunn til å gå ut og åtvare. Igjen.

Taper millionbeløp

For godtruande kundar har sett pengar inn på utanlandske konto og lete seg lokke til å betale inn stadig meir. Enkelte har mista sparepengane sine etter å ha motteke epostar og brev om at formuane ligg klare til dei i Afrika. Trass årevis med åtvaringar, går folk framleis fem på.

- Folk taper både 100 000 kroner, og kan faktisk komme opp i millionbeløp også, seier Dagfinn Nyhammer i kvitvaskingsgruppa til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Kven som helst

Så for å ta det ein gong til: e-postar og brev frå utlandet om at ein skal bli mangemillionær dersom ein berre sender pengar til ein ukjend konto, er berre løgn, tull og svindel.

Men for bank-kundane som ahr tapt vel ein million kroner, er det ei mager trøyst.

- Det er klart at det ikkje er kjekt for dei. Det er kanskje også vanskeleg å innrømme at dei har tapt pengar på denne måten, men dei innser etterkvart at dei er blitt offer for eit spel som nærast kven som helst kan bli offer for, seier Nyhammer.