Hopp til innhold

Lurer du på kva stadnamna betyr?

Alle stader har eit namn, men kvifor plassen har fått akkurat det namnet og kva det betyr er ikkje alltid så godt å vite.

Kristian Solvang

FÅR MANGE SPØRSMÅL: Kristian Solvang kan forklare mange stadnamn, men ikkje alle er like enkle å finne opphavet til.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I stadnamnserien vår har vi blant anna vore innom Kukkelurevika, ein plass der det fanst mange sniglehus. Vi har vore høgt til fjells på Håsteinen i Flora kommune. Hå betyr høg og er det høgste fjellet i området. Dermed vart namnet Håsteinen.

Det litt artige namnet Gygrarøvi i Sogndal har og fått si forklaring. Segna fortel om ei trollkjerring som sette seg ned og laga merke i fjellet.

Men i dag står faktisk stadnamnforskar Kristian Solvang litt fast. For i Holmøyane er det nemleg ein plass som heiter Kusmehjellskleiva:

Ivar Aasen si ordbok

I løpet av hausten skal du få vite kva meir om stadnamn som Bjørlo, Bembesvoda, Hafslo og mange fleire. Kristian Solvang har hovudfag i temaet og forskar på stadnamn. Han skal gje deg forklaring på små og store namn rundt om i heile Sogn og Fjordane, eit arbeid som krev både lokalkunnskap om gardsdeling og kystkultur.

Kristian Solvang

MANGE TURAR I STUDIO: Kristian Solvang jaktar på spesielle stadnamn over heile Sogn og Fjordane.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg får stadig spørsmål frå folk som lurer på dette med namn. Det er ikkje alltid eg kan svare på ståande fot, og nokre stadnamn er det og vanskege å forklare, seier Solvang. Skal ein vere ein god tolkar av stadnamn, må ein ha mykje lokal kunnskap, blant anna om gardsdeling og kystkultur, fortel Solvang.

– For oss som undersøkjer stadnamn og gamle ord, vil eg kalle Ivar Aasen si ordbok for Bibelen.

Serien, som er laga av Gro Ravnestad, skal du få i morgonsendinga kvar måndag og onsdag og vi legg og ut lydfilene og forklaringane på nettet. Vi tek gjerne imot spørsmål og tips. Du kan skrive dei inn i skjemaet under denne teksten.