Hopp til innhold

Lunkne til privatsjukehus

Stryn og Hornindal har ei lunken haldning til privat sjukehusdrift på Nordfjordeid.

Nordfjord Sjukehus

PRIVAT ELLER OFFENTLEG? Meiningane er delte, også i Nordfjord.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ei gruppe jobbar for å få på plass privat sjukehusdrift på Nordfjordeid dersom Helse Førde legg ned sjukehuset der. Men Når Kvivsvegen står klar i 2012 blir det kortare veg frå Hornindal til Volda, enn til Nordfjordeid.

– Nordfjordingane kjenner Volda

– I dag er det alt mange som blir sende til Volda for behandling, så det er ikkje eit ukjent sjukehus for Nordfjord. Mange kjem til å nytte sjukehuset i Volda, seier Edvin Haugen, ordførar for Høgre i Hornindal.

Ei breitt samansett arbeidsgruppe jobbar med å etablere privat sjukehusdrift på Nordfjordeid dersom Helse Førde legg ned eller går inn for kraftig reduksjon av sjukehustilbodet i Nordfjord.

Mellom anna skal Lovisenberg Diakonale Sjukehus i Oslo vere interessert i å ta over drifta av sjukehuset.

Artikkelen held fram.

Gavebrev til Nordfjord sjukehus

GIR HÅP: Dette gåvebrevet inneheld ein klaussul om bruken av bygget, etter amrerikanaren William Henry Singer hadde gitt sjukehuset-bygget i Eid til det offentlege (den eldste, kvite murblokka).

Pris kan avgjere

Haugen set pris på initiativet frå arbeidsgruppa, men med Kvivsvegen på plass frå 2012 vil mange velje sjukehuset i Volda, trur han.

Dersom det blir kostbare eigendeler ved det private sjukehuset, vil endå fleire velje Volda, trur Haugen.

– Skulle vi komme i ein situasjon der vi får to likeverdige sjukehus, der det eine er privat og det andre er offentleg drive, trur eg det seier seg sjølv viss det skulle vere høgare eigenandel på det private sjukehuset, enn ved det offentlege, seier Haugen.

Høyrer på fastlegen

Varaordførar i Stryn, Anne Margrethe Tonning frå Høgre, er usikker på om det vil bli noko privat sjukehus på Nordfjordeid.

– Nei, på ståande fot så tvilare eg på det. Men eg synest det må utgreiast. Det er ein interessant tanke, det må eg seie.

Viss Indre Nordfjord vel Volda, vil ikkje det undergrave planane om privat sjukehus på Nordfjordeid?

– Vi tek det sjukehuset som fastlegen vår tilrår oss å bruke, seier Tonning i Stryn.