NRK Meny

Luksusyacht seld

Det uferdige skroget til den kjempestore luksusyachten som har lege i opplag i Florø i snart fem år har fått ny eigar, skriv Firdaposten. Det er uvisst kven som er kjøpar. Ein russisk milliardær var for nokre år sidan villig til å bla opp 800 millionar kroner for båten som på folkemunne har fått namnet rustholken. Men då russaren døydde vart det ikkje noko av salet. Westcon Yards i Florø har fått jobben med å sandblåse stålskroget.

luksusyachten ligg og rustar i Florø
Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune