Hopp til innhold

Lukrativt leppefiske

LOTE (NRK): Leppefiske er ein sommarjobb med stort utbyte, kan Jon Hopland Bakke som fiskar på Lote i sommar fortelje.

Leppefiskar Jon Hopland Bakke

STORTRIVST: Jon Hopland Bakke (21) synest at leppefiske er eit alle tiders sommarjobb.

Foto: Harald Kolseth / BRK

– Fisket går heilt greitt, men det er ikkje så mykje leppefisk i sjøen i år fordi det har vore så kaldt i vatnet, så eg håpar på litt varmare temperaturar i løpet av august og så får vi sjå om det vert meir, seier Bakke.

21-åringen frå Davik har investert i ein 17-fots Øien-båt og eit 1000 liters kar for å fiske leppefisk i sommar. Leppefiske er vorte populært for sal til oppdrettsanlegg som brukar leppefisken i kampen mot lakselusa, men fisket er ikkje heilt ukontroversielt.

Han er nyleg ferdig i militæret, og har ikkje vore fiskar på heiltid, men har fiska ein del dei siste tre åra saman med faren som jobbar på Norsk Marin Fisk.

– Korleis fiskar ein etter leppefisk?

– Ein legg eit agn i sida på ei teine, så sym leppefisken og diverre også anna fisk inn i det siste rommet der eg dreg han opp og hiv den oppi karet.

Han har fått alt frå torsk til mink i karet.

– Og mykje ål.

Trass i den kalde sommaren, stortrivst han med jobben, og fortel at investeringane gir avkastning.

Leppefiskar Jon Hopland Bakke

FANGAR FISKEN: Teinene har tre rom, leppefisken sym inn i det siste.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Det vert no litt einsamt her ute på bølgene, men det er berre å tenke på pengane. Eg får 21 kroner fisken, og eg har ei leveringsavtale på 10.000 stykk.

Han har så langt levert til oppdrettsanlegget på Haneholmen innanfor ferjeleiet på Anda, men no skal han snart til Hyen der han skal halde fram å fiske for anlegget der.