Sjå bileta då Isse Mohammed henta borna sine i Etiopia.
Sjå reportasjen som journalist Linda Olin Reite og fotograf Randi Indrebø laga i Etiopia.
17 månader har gått sidan han flykta frå det borgarkrigsherja Somalia. Kvar dag har han drøymt om dagen då han skulle få vere saman med borna sine igjen, og no er det endeleg slutt på ventetida. Reporter Linda Olin Reite og fotograf Randi Indrebø reiste saman med Mohammed til Addis Abeba i Etiopia.
Stor glede
Isse møter Elias(6)Foto: Randi Indrebø, NRK
- No skal eg vere saman med borna mine kvar dag. Vi skal ete saman og vi skal gå tur i Florø. No håpar eg eit godt liv byrjar, seier Isse Mohammed. Natt til onsdag kom han til Florø saman med dei fem små borna sine. No bur den store familien på eitt rom på Åsgården Motell. - Eg er veldig glad for å vere heime. Eg har nesten ikkje ete og sove på 10 månader, men no er det slutt på alle problema mine, seier han med eit stort smil.
- Mykje arbeid
Fembarnsfaren er budd på at det vert mykje arbeid å vere åleine med fem små born. - Kanskje eg får sove fem timar i døgnet. Eg må vaske kle, lage mat, skifte kle, skifte bleie og stelle heime. Etter tre-fire år er kanskje det største problemet over, men eg må jobbe hardt kvar dag, seier han. Den eldste av borna er åtte år og den yngste berre 10 månader. Vesle Jonas hadde faren aldri før sett, men han har allereie godt lag med den vesle sonen sin. I Somalia jobba han som bonde, og det var kona som tok seg av borna. I løpet av den veka han har vore saman med borna har han lært seg å bytte bleie og å gje han mat.
Budde på barneheim
Tung avskjed på barneheimen Foto: Randi Indrebø, NRK
Isse Mohammed flykta frå borgarkrigen i Somalia til Noreg for 17 månader sidan. Den gravide kona og borna skulle kome etter, og venta i nabolandet Etiopia. Men kona døydde då ho fødde det femte bornet deira. Søskenflokken kunne lett hamna på gata då mora døydde. Men ein anna flyktning, ei fattig ung kvinne, tok seg av borna. På mora til borna fann ho eit telefonnummer som viste seg å vere til Solbakken asylmottak i Florø. Med god hjelp frå dei som jobba på mottaket, fekk borna plass på ein barneheim i Addis Abeba i Etiopia. Der har dei budd dei 10 siste månadene.
Har venta i spenning
Før jul fekk Isse Mohammed familiegjenforening, men det skulle gå to månader før etiopiske styresmakter let faren komme og hente dei fem borna sine. No håpar berre han at familien får bli buande i Florø.