Ordførarar fekk ikkje kome inn på museumsmøte

FØRDE (NRK): Då ordførarane møtte opp til det dei trudde var eit offentleg møte om Musea i Sogn og Fjordane, så fekk dei ikkje kome inn.

Morten Askvik (Sp) og Harald Norvald Offerdal (Ap)

TO SKUFFA ORDFØRARAR: Morten Askvik (Sp) og Harald Norvald Offerdal (Ap) blei mistenksame til kvifor møtet måtte haldast lukka.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Dei reiste frå Hyllestad og Balestrand, men blei møtt av lukka dører. Møtet skulle handle om omorganiseringa av stiftinga Musea i Sogn og Fjordane.

Møtet er no ope, men styret bestemde at første del av møtet måtte haldast for lukka dører. Og slik vart det. Det var to ordførarar mindre glade for.

– Eg er småforbanna. No har dei lukka eit møte, noko dei ikkje har høve til å gjere, seier Balestrand-ordførar Harald Norvald Offerdal (Ap).

– Kvifor har dei gjort det, trur du?

– Eg har inga aning. Det kan godt hende dei har ein grunn, men då burde me ha fått ei skikkeleg forklaring, seier han.

Ordføraren vil ikkje finne seg i det, og skal ta saka vidare. Han såg fram til å diskutere omorganiseringa av musea, fordi han meiner kommunane har vore for dårleg involverte i prosessen.

– Det er ikkje likegyldig for oss. Kvar kommune har ein eigen driftsavtale med Musea i Sogn og Fjordane, og me spyttar mykje pengar inn i dette. Då er det klart av vi må orienterast, seier Offerdal.

Mistenksamt

Ordførarkollega Morten Askvik (Sp) i Hyllestad er også forundra over det som har skjedd i dag.

– Eg er veldig overraska og litt irritert, seier han.

Askvik lurer på kva som ligg bak avgjerda om å lukke dørene.

– Eg må jo seie at dette gjer oss mistenksame.

– Mistenksame på kva?

– På kva dei diskuterer no.

Ivar Kvalen, ordførar i Luster, er styreleiar for Musea i Sogn og Fjordane, og kan forklare kva bakgrunnen var lukkinga var:

– Me hadde diskusjon om ei sak som gjekk bak lukka dører, og det gjaldt ei personalsak med sensitive opplysningar som me ikkje kunne halde for ope møte, seier Kvalen, og held fram:

– Vi valde å ta det i starten, og gjere oss ferdige med det før me byrja med det som alle er her for å høyre på.

Han forstår at Askvik og Offerdal ikkje likte å bli møtt av lukka dører.

– Eg skal gje dei litt mehald. Eg skulle ha opna møtet for så å lukke det med ein gong med grunngjevinga om at vi skulle diskutere personsensitive opplysningar.

Han beklagar at det blei slik det blei, men forklarer at det var praktiske grunnar til at det blei slik.

– Du gjev dei berre litt mehald?

– Jo, eg skal gjere det, eg skal legge meg heilt flat og seie at eg gjorde ein feil i starten, men eg skal rette det opp att.