Hopp til innhold

Luiz (19) unngjekk hjorten, men hamna sjølv på sjukehus

Det siste kompisen sa før Luiz Fernando Arredondo (19) sette seg i bilen, var «Køyr varsamt. Det er mykje hjort ute». Ved Skredestranda i Eid møtte Luiz hjorten ...

Luiz Fernando Gonzales Arredondo

KONTROLL: Luiz Fernando Arredondo hadde smerter i nakke og brystkasse etter utforkøyringa ved Skredestranda. Ved Førde sentralsjukehus tok dei ingen sjansar og han var igjennom ein grundig kontroll. – Eg kjende meg ikkje bra i det heile, seier han.

Foto: Privat

– Den hoppa ut i vegen, rett framfor bilen. Eg er glad i dyr, så tenkte berre på å ikkje treffe den. Eg prøvde å manøvrere bilen så godt eg kunne og unngjekk hjorten, men det gjekk ut over meg og bilen, konstaterer Luiz Fernando Arredondo.

Slapp med skrekken

Luiz Fernando Arredondo

SKJEDDE FORT: Luiz Fernando Arredondo har møtt hjort på vegane før, men aldri så nærme. – Det kan gå ganske gale på veldig kort tid, seier han.

Foto: Oddleif Løset / NRK

NRK møter 19-åringen på Førde sentralsjukehus. Han slapp med skrekken. Legane har i løpet av natta konkludert med at smertene han opplevde i nakke og bryst etter utforkøyringa, ikkje er alvorlege.

Fredag ettermiddag kunne han setje seg på bussen heim til Eid. Uhellet like før midnatt torsdag er rutinemessig under politietterforsking.

– Det var ganske mørkt. Det er 80-sone og eg tok det roleg. Ti meter framfor meg kom plutseleg hjorten. I 80 km/t er ikkje ti meter så frykteleg mykje, seier Arredondo.

Mista kontrollen

19-åringen såg hjort under køyreturen. Då ein plutseleg bykste framfor bilen, fekk han ikkje lange tida å tenkje seg om. Han stod på bremsa.

– Då bilen byrja å vingle, og eg visste at eg ikkje hadde kontroll på bilen, så sleppte eg rattet og venta på å køyre av vegen, seier Arredondo.

Skredestranda

Ferda stoppa i grøftekanten. Etter ein kraftig smell med fjellveggen. Bilen fekk skader på sida og forhjulsstillinga var øydelagd. Den måtte hentast av bilberging. Han er glad han brukte bilbelte.

– Eg var i sjokk og tenkte først på bilen. Gjekk ut og såg på skadane, så kjende eg smertene i nakke og brystregionen, seier han.

Takkar bilistar

– Det kom ein bil i retning valda som stogga, sette opp varseltrekant og spurte korleis det gjekk. Det var dei som ringde ambulanse og politiet. Eg fekk aldri takka dei, legg han til.

I vinter har det vore mange hjortepåkøyrslar i fylket . Tal frå politiet viser ein klar oppgang i registrerte hjortepåkøyrslar.

Skredestranda er kjend for mange hjortepåkøyrslar. Lokalkjende fortel til NRK at det er 35–40 kilometer med kontinuerleg fare for å møte hjort.

– Ta det med ro

Mykje snø og lite tilgang til mat i fjellet, tvingar hjorten ned til låglandet. Så langt har påkøyrslane gått ut over bil og hjort.

– Eg kan berre rå folk til å ta det med ro, følgje godt med på vegen og sjå godt etter. Plutseleg kan det hoppe ein hjort, katt eller rev inn i vegen. Det skjer på få sekund, og då skal det godt gjerast å reagere, seier han.

– Og no skal du heim?

– Ja, no skal eg heim og slappe av. Så kan eg tenkje på bilen. Viktigast var at ingen kom alvorleg til skade.