Hopp til innhold

Gjer millionsuksess med kollektivturisme, men andre fylke ligg langt etter

HELLESYLT (NRK): Turistar i hopetal fyller opp rutegåande bussar i Møre og Romsdal. Det gir millionar i kassa, men likevel tek det tid før suksessen med kollektivturisme vert kopiert av andre.

Ludmila (t.v.) og Edward Bobik

PÅ LOKALBUSSEN: Ekteparet Ludmila og Edward Bobik nyt utsikta frå bussetet på veg til Geiranger.

Foto: Terje Reite / NRK

I Hellesylt sit Edward Bobik på bussen, i lag med dei lokale busspassasjerane. Å ta rutebussen er den beste måten å reise på synest han.

– Eg forventa ikkje at det skulle vere så vakkert. Eg synest det er betre å reise med buss fordi då treng eg ikkje kontrollere trafikken og du kan ta deg ein høneblund om du vil.

Bobik er ein av 6.700 kollektivturistar i Møre og Romsdal så langt i år. Det har gitt billettinntekter på 2,9 millionar kroner til fylkeskommunen.

– Mange av turistane som kjem hit er ferdig med dette charterkøyret og vil ha autentiske opplevingar. Reiser du kollektivt til destinasjonane, så vert det svært autentisk, seier Konrad Lillevevang i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Men trass i at konseptet «Travel like the locals» står fram som ein økonomisk og miljømessig suksess, heng andre fylke etter i å få til det same.

Ei låghengande frukt

Carlo Aall, forskingsleiar ved Vestlandsforsking, har sansen for løysinga og ser gjerne at andre følgjer etter, også med omsyn til miljøet.

– Det er klart det er fornuftig. Her er det noko som bør snakke saman og få til dette samarbeidet. Det er openbart ei såkalla lågthengande frukt som berre bør bli plukka.

Aall meiner fritidstransporten vår i framtida, i mykje større grad enn i dag, må basere seg på kollektivreiser.

– Det medfører vesentleg mindre utslepp enn privatbil og ikkje minst fly. Så dette er ei god vinn vinn-løysing, seier Aall.

Dersom fleire fylke hadde utvikla tilbodet, hadde det opna for heilt nye produkt, påpeikar Tom Anker Skrede, reiselivssjef i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.

– For turistane hadde det vore fantastisk å reise gjennom heile landet og bruke det kollektive tilbodet med buss, båt og tog.

Ser mot 2019

Etter det NRK kjenner til nyttar turistar allereie rutegåande trafikk i ulikt omfang fleire stadar i landet, men ingen har systematisert og marknadsført det som i Møre og Romsdal.

Dina Lefdal

PÅ GANG: Ho synest «Travel like the locals» er eit svært positivt tiltak, og samferdsledirektør Dine Lefdal vil ha konseptet på plass i Sogn og Fjordane innan april 2019.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Vi har dessverre ikkje fått det på plass til sesongen 2018, men vi jobbar mot å ha det på plass i 2019, seier samferdsledirektør Dina Lefdal i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Kvifor tek det så lang tid å få på plass ei tilbod?

– Det er ein del ting som må på plass. Kva ruter vi skal satse på, samarbeidet med turistnæringa er vesentleg og så har vi enda ikkje på plass eit billettsystem der ein kan kjøpe billettar på nett, seier Lefdal.

Dette billettsystemet kjem på plass i haust, lovar Lefdal.