Hopp til innhold

Lubieniecki sikra siger

Då Daniel Marcin Lubieniecki sette inn 2-1 scoringa, sikra det at alle tre poenga blei verande på Fosshaugane Campus.

Video nsps_upload_2009_5_21_22_41_32_1263.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Men det var ikkje alt som skulle tilseie at Sogndal kom til å vinne denne viktige kampen.

Moss farlege på kontringar

Christer Jensen sette inn dagens fyrste mål. Han utnytta sin høge fart, og sette ballen til høgre for Piotr Lecejewski.

Dette var etter ein kontring i det femte minuttet. Kontringar var Moss sitt farlegaste våpen, då Sogndal hadde mesteparten av banespelet.

Les og: Slik var kampen minutt for minutt

Ungt mosselag

Det særs unge Mosselaget, med ein snittalder på 22.5 år, var slettast ikkje ufarlege. Med ein god John Muirurii spissen, skapte dei fleire farlege sjansar.

Nærast 2-0 var dei i det trettifemte minuttet. Christer Jensen førte ballen framover, stoppa opp, og putta ballen ut til Muiruri. Sogndalstoppar, Morten Christensen sklei, og Muiruri vart ståande aleine kring 7 meter frå mål.

Kjemperedning

Heldigvis for Sogndal, varta Sogndalskeeper Lecejewski opp med ein kjemperedning.

Sogndal var ikkje ufarlege i denne perioden dei heller, men klarte ikkje putte ballen i mål, bak ein solid Mossekeeper. Moss kunne gå til pause med 1-0.

Utlikna

I andreomgang gjekk Sogndal ut med eit mål for auga: å scora mål. Derfor var det nok ekstra kjekt for Henrik Furebotn å putte inn utlikninga.

Kaptein Rune Bolseth la eit høgt innlegg på bakarste stolpe. Der var Ulrik Flo. Han heada ballen ned til Henrik Furebotn. Trass i at keeperen kom stormande ut, var det for seint. Furebotn klarte akkurat å tuppe ballen inn.

Ikkje godt nok

Men for Sogndal var ikkje uavgjort godt nok. Etter ein corner, lempa Midtun Lie ballen inn i feltet. Tarjei Dale vann duellen, og Lubieniecki fekk ein relativt grei jobb, med å sette inn Sogndal sitt andre.

Etter scoringa la Sogndal seg litt meir bakpå. Etter kvart hadde Moss ballen meir og meir, men skapte ingen farlege sjansar. Dei slo ballar opp mot Kenneth Kvalheim, storscoraren frå i fjor. Men Kvalheim kom seg ikkje til nokre sjansar.

Full kontroll

Etter kvart byrja laga å bytte spelarar. Moss bytta ein spelar, mens Sogndal bytta heile 3 spelarar. Blant dei som kom innpå for Sogndal, var Espen Olsen. Olsen, som tidlegare denne veka gjekk ut og sa han var misfornøgd med å bli vraka.

Det siste kvarteret verka det som om Sogndal hadde full kontroll, og kunne sikre 3 viktige poeng.

Sogndal - Moss

Sogndal slo Moss.

Foto: NRK