Per Steinar Osmundnes. NRK-foto.
– Dette er fyrste gongen det blir løyvd pengar til Stad skipstunnel så det er ein gledens dag, seier Osmundnes.
– Rekkjer ut ei hand
Skipstunnelen er venta å koste kring 700 millionar kroner, så i den samanhangen er 5 millionar lite. Men Osmundnes meiner at når regjeringa på denne måten rekkjer ut ei hand til dette prosjektet, kan dei ikkje trekkje handa tilbake seinare.
– No er det viktig å oppretthalde trykket mot dei sentrale styresmaktene, seier Krf-representanten.