Hopp til innhold

Løyver 420 millionar til rusarbeid

- Det er for dårleg, seier Kari Margrete Rønning i Rusettervernet. Berre halvparten av kommunane i fylket har siste åra søkt på midlar for å styrke rusarbeidet.

Kari Margrete Rønning

MÅ SØKE: Kommunane må kjenne si besøkelsestid og søke på midlane, meiner Kari Margrete Rønning i Rusettervernet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I år kan kommunane søkje om 420 millionar kroner. Dei siste par åra har vel halvparten av kommunane søkt.

- Det er veldig rart. Når det ligg så mykje midlar som dei kan søke på, pengar som dei kan bruke på førebygging og opplysningsarbeid, så må dei søkje, seier Kari Margrete Rønning i Pårørandegruppa Pernille.

Skjulte problem

Gjennom statsbudsjettet vart potten til kommunalt rusarbeid og tillitspersonforsøket for 2011 auka med 70 millionar kroner.

Midlane som no ligg klare til å skifte eigarar, er mynta på unge og vaksne med byrjande rusproblem, og vaksne og eldre som er avhengige av rus.

- Siste åra har det teke seg noko opp med søknadar frå kommunane i fylket. Vi håpar fleire kommunar vil søkje i år. Rusproblema er ofte skjulte, seier Rita Hagen Molvær.

- Stadig veksande

Rønning meiner kommunane her får ein gylden muligheit til å styrke rusarbeidet. Sjølv om rusproblematikken ikkje er like stor hos alle komunnar. Innan 1. februar må søknadane vere på bordet hos Fylkesmannen.

Gjennom ein serie i fjor sette NRK fokus på rusproblematikken i Sogn og Fjordane .

- Kommunane får meir handlingsrom med desse midlane. For problematikken med rus er stadig veksande, seier Rønning.