Hopp til innhold

Løyver 2,2 millionar til nynorsk avissenter

Nynorsk Avissenter får likevel pengar over neste års statsbudsjett. – Dette vil vere viktig for journalistikken og media, jublar Sveinung Rotevatn.

Praktikantar i Nynorsk Avissenter går ei uviss framtid i møte.

SIKRA: Dei mørke skyene som regjeringa kasta over Nynorsk Avissenter i haust vart blåst vekk gjennom budsjettforliket i dag.

Foto: Stain Aase

Det skulle ta 16 dagar før regjeringspartia Høgre og Frp kom til semje med samarbeidspartnerane KrF og Venstre om eit statsbudsjett for 2014.

Sveinung Rotevatn er svært nøgd med å sjå 2,2 millionar statlege kroner kome Nynorsk Avissenter til gode.

– Alt i alt meiner vi at dette er eit svært godt budsjett for Sogn og Fjordane, strålar Rotevatn.

Skot for baugen

Sveinung Rotevatn i Venstre smiler lurt

NØGD: Sveinung Rotevatn (V) er stortingsrepresentant for Venstre. Etter dagens budsjettforlik meiner han å ha god grunn til å smile på vegne av Sogn og Fjordane.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Det eitt år gamle opplæring- og kompetansesenter fekk eit skot for baugen då regjeringspartia i haust gjorde framlegg om eit statsbudsjett utan midlar til avissenteret.

Av eit budsjett på i underkant av tre millionar kroner søkte senteret Kulturdepartementet om 2,2 millionar kroner per år.

Desse pengane fann ikkje Kulturminister Thorhild Widvey rom for å løyve .

– Vi håpa at regjeringa ville strekke ut handa og støtte nynorsken og nynorsk presse gjennom vårt prosjekt, sa ein då skuffa Ivar Longvastøl, som leiar Nynorsk Avissenter.

Avissenteret er eit nasjonalt opplæring- og kompetansesenter med base i avisa Firda i Førde. Prosjektet starta opp i 2013, og målet er å styrke nynorskavisene rundt om i landet og nynorskbruken i media.

At avissenteret no får midlar, gler også leiar Marit Aakre Tennø i Noregs Mållag. Dei frykta også følgjene dersom pressestøtta vart redusert med 50 millionar.

– Ei lette

– Det er ei lette at Venstre og Krf greidde å få inn pengar til Nynorsk Avissenter og at pressestøtta ikkje vart kutta så drastisk som det var gjort framlegg om, seier ho.

– Det er viktig å lesa nynorsk kvar dag, og lokalavisene er store tekstprodusentar. Nynorsk Avissenter vil syta for at desse avisene lett kan finna kvalifiserte journalistar, på same måte som Nynorsk Mediesenter har levert nynorskjournalistar til etermedia i ei årrekkje, held Tennø fram.