Hopp til innhold

Løyver 150 000 kroner til storfilm

Hovudutval for plan- og næring løyvde onsdag 150 000 kroner til Randi Førsund sitt filmprosjekt, «Hemnen».

Randi Førsund og Nils Gaup

Randi Førsund har med seg filmregissørane Fridrik Thor Fridriksson og Nils Gaup (til høgre) på filmlaget.

Foto: Sjur Kleivdal

Filmen skal ha handlinga lagt til vikingtida og Førsund har tidlegare sagt at det der aktuelt å starte opptak i Ytre Sogn til sommaren .

Fylkeskommunen har tidlegare løyvd 200 000 kroner til filmen. Prosjektet er venta å ha ein prislapp på 100 millionar kroner.

Støtta til «Hemnen» er ikkje det einaste innspelinga som får fylkeskommunal støtte. Også produksjonsselskapet Flash Studio får 150 000 kroner til deira TV-serie frå Sognefjorden.

Gjennom seks episodar skal skikøyrarar boltre seg bratte fjellsider og gje NRK-sjåarane flott natur og spektakulære stunt. Produksjonsselskapet vonar å gje sjåarane innsyn i lokal kultur, historie og eit mangfald av lokalmat.

Produksjonsselskapet Cinemiso får 100 000 kroner til filmen «Varg Veum - Dødens Drabanter» som har handling frå Sunnfjord.