Hopp til innhold

Grunneigarar i Stardalen har fått klarsignal til å byggje ut kraftverk

I statsråd i dag fekk Stardalen Kraft AS i Jølster løyve til å byggje ut Stardalen Kraftverk, som når det er ferdig vil levere kraft tilsvarande 2300 husstandar.

Stardalselva

STARDALSELVA: Dette biletet frå konsesjonssøknaden syner elva like nedanfor planlagt inntak.

Foto: Stardalen Kraft AS

Administrerande direktør Narve Heggheim i Stardalen Kraft AS er glad for at dei no har fått grønt lys til å sette i gang utbygginga.

– Det er ein gledens dag for oss grunneigarane som står bak søknaden. Vi har venta lenge, for søknadsprosessen har pågått i sju år frå vi sende inn det første dokumentet.

Tre kilometer av Stardalselva

Både Jølster kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen har stilt seg positive til utbygginga, som tek sikte på å byggje ut ein tre kilometer lang strekninga av Stardalselva frå Klakegg og austover.

Det er rundt 20 grunneigarar som er med på planane. Heggheim reknar med at det går seks månader før dei kan stikke spaden i jorda, og så er det eitt og eit halvt års byggjetid. Med andre ord er det rundt to år frå no til kraftverket kan stå produksjonsklart

– Uansett er vi heilt avhengige av at kraftlinja Ørskog-Fardal er klar til bruk før vi kan kome på nettet. Før den tid får vi ikkje levert noko straum.

Må vente på Fardal-Ørskog

Narve Heggheim meiner Startalen Kraftverk skal vere lønsamt sjølv med dei låge kraftprisane vi har i dag.

– Frå vi starta planprosessen og til no har rammevilkåra endra seg mykje både når det gjeld straumpris og skatt, men på den andre sida har vi fått grøne sertifikat som veg opp litt for dette.

No vil selskapet gå gjennom og rekne på ny, men Heggheim reknar med at planane blir sette ut i livet.

Den største miljøulempa med denne kraftutbygginga er framføring av vatn på utbyggingsstrekninga i Stardalselva. Det er difor stilt krav om avbøtande tiltak med minstevassføring både om vinteren og sommaren.

Narve Heggheim

- EIN GLEDENS DAG: Adm. dir. Narve Heggheim i Stardalen Kraft AS er glad for løyvet.

Foto: privat