Hopp til innhold

Dette biletet var eit mysterium - men så fekk Mulla Kvikne hjelp av Facebook-vener

Kva storhending er dette, tenkte Mulla Kvikne i Balestrand då ho gjekk gjennom samlinga med gamle bilete som Kvikne-familien hadde samla gjennom mange år.

Kommandøren i Balestrand 1924

VEKTE UNDRING: Dette biletet fekk Mulla Kvikne til å fundere. Kva skjer her?

Foto: ukjend / eogar: Mulla Kvikne

Biletet viser ein FSF-båt som har lagt til kai i Balestrand, og det er mykje folk både på land og ombord.

– Vi har masse gamle bilete liggande i eit arkiv, og då eg skulle rydde litt i det fann eg dette biletet. Eg sat lenge og såg på det, det var trekt opp eit slags segl med skrift på, men det var uråd å lese kva som stod der.

Då la ho biletet inn på Facebook-sida si og skreiv: «Gamalt bilde frå kaien. Kva er det som skjer her? Kongebesøk?».

– Dermed tok snøballen til å rulle, og han rulla både vel og lenge.

Mulla Kvikne

FANN BILETET: Mulla Kvikne.

Foto: Ole Johannes Øvretveit / NRK

Høgre-landsmøtet i 1924

Dei fann ut at ein av dei som stod på kaia og venta var Sigurd Kvikne, som er far til mannen til Mulla, Per Kvikne. Dottera til Mulla, Marta Kvikne, vart involvert i detektivarbeidet, det same vart Hermund Kleppa og Klaus Einar Thue.

– Det var mykje att og fram, nokon meinte det kunne vere frå avdukinga av støtta til Fylkesbaatane som står ved hotellet. Men det kunne ikkje stemme. Til slutt fann dei ut at det måtte vere frå eit Høgre-landsmøte som var her i 1924.

Og det viste seg å vere tilfelle. Sigurd Kvikne var sjølv Høgre-politikar og vart 11 år seinare vald til ordførar i Balestrand, men han døydde kort tid etterpå.

– Då tok Marta kontakt med Per Olav Bøyum på Fylkesarkivet. Han fann eit utklipp frå Aftenposten frå 1924 med omtale av landsmøtet til Høgre og med eit bilete av Kvikne´s Hotel på framsida, fortel Mulla Kvikne.

Facebook-sida om bilete frå 1924

STOR RESPONS: Det var mange som engasjerte seg i arbeidet med å finne ut kva storhending dette biletet handla om.

400 utsendingar

Og landsmøtet til Høgre sette så avgjort sitt preg på vesle Balestrand. Det budde 220 delegatar på hotellet, 50 ombord på «Kommandøren» og resten budde privat og på Kvammen Hotel. I alt var det 400 utsendingar frå heile landet

For båten på biletet er gode gamle «Kommandøren», og dei som har studert biletet inngåande har funne ut at det står «For Norge» på seglet ved landgangen.

Per Olav Bøyum fann mykje artig då han tok til å leite i avisarkiva til Nasjonalbiblioteket. Nordre Bergenhus Amtstidende melde 13. juni 1924 om ei stor tilstrøyming til Balestrand, over 400 delegatar var påmelde, skriv Bøyum i ein artikkel i Kjelda, utgitt av Fylkesarkivet.

Gjestebok Kviknes hotel 1924

KJENDE NAMN: I gjesteboka til Kviknes Hotel frå juni 1924 finn vi m.a. C.J. Hambro.

Foto: Eigar: Marta Kvikne

«Sprøyta fulle heile kula»

Men det var slett ikkje berre vellæte. Ein innsendar som kalla seg H.M. skreiv eit innlegg i Sogns Tidend:

...Det var tyrste folk som kom. Ein som var tilstades festnatti på Kviknes Hotel fortel, at «dei var sprøyta fulle heile kula», og at Aftenpostens klubbemann, Diesen, vart boren på gullstol då stemningen var på det høgste. Det fortelst og at ein losjivert kvidde seg for aa ta imot sine gjester daa dei paa morgonsida kom heim - so fulle var dei.

Også redaktøren i Sogns Tidend, Jens Kvåle, hengde seg på og skreiv:

Sogningane hev daa set folk fyrr, og dei ligg ikkje på magen for ei samling bymenn og austlendingar.

– Det var krasse skuldingar dette, det var ein høgremann frå Høyanger, Olav Sæbøe, som var med på landsmøtet. Han skreiv eit innlegg i avisa der han dementerte påstandane. Litt seinare kom og hotelleigar Sigurd Kvikne på bana og avviste det heile som rykte og baktaling, seier Per Olav Bøyum.

Og det enda med at H.M. måtte seie seg lei for at han hadde kome med desse skuldingane.

– Imponert over kunnskapen

For historikaren Bøyum har leitinga i arkivet til Mulla Kvikne gitt ny kunnskap.

– Eg må vedgå at det var nytt for meg at Høgre hadde landsmøte ti Balestrand i 1924. Det visste eg ikkje før eg tok til å sjå nærare på denne saka.

– Så det gir resultat at folk leitar mellom gamle bilete og brukar Facebook for å finne ut kva bileta viser?

– Ja, eg må seie at eg er veldig imponert over kunnskapen ute blant folk. Det kom utruleg mange gode tilbakemeldingar på Facebook. Det er kjekt å sjå kor stor interessa for gamle dagar er.

Per Olav Bøyum på Fylkesarkivet med bibel frå 1550

- IMPONERANDE KUNNSKAP BLANT FOLK: Per Olav Bøyum på Fylkesarkivet er glad for den store interessa for lokalhistorie.

Foto: Arve Uglum / NRK