Hopp til innhold

– Tiltaka er bra, men det beste er meir fleksibel regulering

Regjeringa vil hjelpe laksebransjen etter importforbodet i Russland. – Bra, men dei løyser ikkje det største problemet, seier dagleg leiar Erik Osland hos Osland havbruk om tiltaka.

Ørret og Erik Osland

BOIKOTT: Russisk boikott av norsk mat skaper vanskar for norske eksportørar. Erik Osland (t.h.) meiner meir fleksibel regulering hadde vore eit viktigare tiltak enn meir midlar til marknadsføring.

Foto: FOTOMONTASJE: Colourbox/Privat

Etter ei veke med russisk boikott, møtte bransjen fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) i dag.

Ved Osland Havbruk på Høyanger sørside er dagleg leiar Erik Osland nøgd med at regjeringa både løyver meir midlar til marknadsføring, samt vil gjere det lettare for fiskeeksportørar å få garantiar for eksport til Ukraina.

Likevel skulle Osland gjerne sett eitt tiltak til:

– Litt meir fleksibilitet i produksjonsreguleringane hadde vore det beste enkelttiltaket for ørretoppdrettaren det neste halvåret, seier han.

Lagar for stor fisk

For i Russland, der Osland sender 50 prosent av auren sin, ynskjer mindre fisk enn andre land.

– Så den største utfordringa for oss no, er å lage fisk av ein litt annan storleik enn den Russland etterspør. Det slit vi litt med i dag, på grunn av reguleringa vi har og maks tillate biomasse i merdane våre, seier Osland.

– Hadde styresmaktene vist litt meir fleksibilitet på det ein periode no, så hadde det vore det beste tiltaket for oss, legg han til.

– Krevjande situasjon

Det var i førre veke at Russland stogga all import av kjøtt, fisk, grønsaker og mjølkeprodukt frå USA, Canada, Australia, EU og Norge. Dette som ein direkte følgje av dei same landa sine økonomiske sanksjonar mot Russland grunna situasjonen i Ukraina.

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker

MINISTER: Elisabeth Aspaker møtte i dag næringsorganisasjonane for å kome fram til tiltak for å bøte på den russiske boikotten.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

For Norge sin del er det i hovudsak sjømatnæringa som blir råka.

– Det er ingen tvil om at sjømatnæringa, i alle fall på kort sikt, står overfor ein krevjande situasjon. Særlig ser vi utfordringar innan sild og aure. Dei første tiltaka er allereie sett i gang, og fleire er på trappene, seier fiskeriminister Aspaker.

Glad for midlar

Osland hadde helst sett at Asia og spesielt Japan vart den nye marknaden regjeringa jobba mot. Her har norske eksportørar møtt kraftig konkurranse frå Chile, og vore ute frå i stort volum siste fem åra.

I staden er det nettopp Ukraina at Osland og kollegaene hans i fiskeribransjen skal jobbe mot.

– Ukraina er sikkert viktig for pelagisk og andre kvitsortar, utan at eg kjenner det så godt. Asia er i alle fall viktig for oss som er aureoppdrettarar, seier han og er glad for at også regjeringa støtter opp med midlar til marknadsføring.

– No veit vi at eksportrådet for fisk har midlar til velde, og at dei vil bruke dei samt omdisponere midlar. Dersom regjeringa tilfører meir, så er det veldig viktig, seier han.