Hopp til innhold

Lovbrot under Parken-konsert

Politiet fekk ei rekkje meldingar om lovbrot i samband med Stage Dolls sin konsert i Parken i Gaupne.

I tillegg til det politiet kallar vanleg fyllebråk, var det mellom anna ein person som vart teken for promillekøyring.

Dessutan oppdaga ei vakt ved festivalen tre gutar som dreiv med hærverk på ein buss frå Fjord1 Sogn Billag.

Politiet har sikra seg identiteten til ein av gjerningsmennene, ein 15 år gamal gut, og vil no sjå om billaget melder saka.