Lovar temperaturar over 10 grader i dag

Kanskje ikkje for mykje å be om i juni, men meteorologen lovar at det blir over 10 varmegrader fredag.

Soler seg

NYT SOLA! Mange stader i fylket vil skyene sprekke opp og sleppe sola til i dag. Set deg i solveggen og nyt den om du kan.

Foto: Illustrasjonsfoto: Vincent Hazat / colourbox.com

Som NRK melde i går, så blir fredagen fin dei aller fleste stadane i fylket. Heldigvis kunne statsmeteorolog Anne Solveig Andersen stadfeste det på morgonsendinga vår litt over sju fredag morgon.

– Dei fleste stadene vil nok få over 10 grader i dag. Det er ein ganske fin dag i vente, temperaturmessig så er det jo høgare enn det har vore. Det er nok den finaste dagen denne veka. Det får vi ta med oss, sa ein optimistisk meteorolog.

Men ikkje nok med det. Fleire stader i fylket vil makstemperaturen bli opp til 16 til 18 grader, litt avhengig av kvar ein er i fylket.

– Dei på kysten får nok ikkje så høge temperaturar, men kanskje kan det bli litt høge temperaturar i til dømes Lærdal og Førde, trur Andersen.

I Nordfjord har det vore einskilde regnbyer også no i dag, men statsmeteorologen forsikrar om at det vil tørke opp.

– Det vil gradvis gje seg og det blir opphaldsvêr i heile fylket. Så er det nokre skyer rundt om kring, det ser ikkje ut til at dei gjev heilt slepp. Men at det kan bli litt sol, det trur eg.

Korleis det står til med vêret seinare i helga er dessverre ei heilt anna historie. Set deg i sola og nyt den, medan du kan.

På fjellovergangane skjer det også framsteg i dag. Sognefjellet er stengd, men det er for å rydde vekk snø. Klokka 12 skal det også vurderast om turistvegen mellom Lærdal og Aurland skal opnast.