Lovar Strømsgodset hard kamp

Søndag kveld er det klart for eit viktig oppgjer når Sogndal tek imot Strømsgodset på Fosshaugane.

Azar Karadas

VARMAR OPP: Azar Karadas varmar opp til sin første kamp i Sogndal-trøya. Saman med Hannu Patronen utgjer nordfjordingen midtforsvaret mot Strømsgodset.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Som venta går Azar Karadas rett inn på laget, og erstattar Gustav Valsvik i midtforsvaret.

Strømsgodset ligg som nummer to på tabellen og har hatt ein bra sesong, Sogndal har slite dei siste kampane.

Håvard Flo

KAMP: Håvard Flo lovar Strømsgodset knallhard kamp om poenga.

Foto: Rune Fossum / NRK

Førre helg tapte Sogndal 3–1 mot Sandnes Ulf og no treng sognelaget alle poeng dei kan få. Dei ligg på 14. plass på tabellen med 19 poeng, føre Fredrikstad og Stabæk.

Håvard Flo seier til Sogndal TV at dei har hatt ei fin treningsveke og har fått rista av seg tapet mot Sandes UIf.

– Vi har lagt det bak oss og spelarane er i godt humør, seier han.

Karadas har markert seg

Måndag blei det klart at Tyrkiaproffen Azar Karadas er klar for Sogndal. Han har trena med laget denne veka og Flo meiner Karadas har sett sitt preg på treningane og at han vil markere seg i spelargruppa.

– Azar har masse erfaring og gir av seg sjølv. Han passer på at trykket er opp og er ein duellspelar og tøff i nærkamp. Kan vere ein fin motivator for dei unge spelarane, seier Flo til Sogndal Fotball.

Prøver å vere meir aggresive

Laget i løpet av veka trena på å vere aggressive og halde ballen i laget og Flo håper å sjå resultatet av dette i kampen søndag.

– Vi har trena på det vi skal vere gode på, seier Flo.

Han er optimist føre dagens kamp og trur dei kan markere seg.

– Det blir ein tett og fartsfylt kamp. Eg trur vi er så gode at vi kan få tre poeng. Får vi dei, vil det gi ein «boost» inn i laget og bygda, seier han

Det er venta mykje publikum på Fosshaugane i kveld. Laurdag var det seld over 4000 billettar på førehand.

SOGNDAL: Kenneth Udjus, Eirik Skaasheim, Hannu Patronen, Azar Karadas, Per Egil Flo, Tonny Brockmann Christensen, Stéphane Diarra Badji, Henrik Furebotn, Malick Mane, Ulrik Flo, Ricardo da Silva dos Santos.

Benken: Ahyee Aye Elvis, Ørjan Hopen, Gustav Valsvik, Stian Dyngeland, Stefan Aase, Peter Aase, Leif Lysne.

STRØMSGODSET: Lars Cramer, Hamoud Mounir, Jarl Andre Storbæk, Lars Sætra, Lars Christopher Vilsvik, Anders Konradsen, Stefan Johansen, Abdisalam Ibrahim, Øyvind Storflor, Adama Diomande, Muhamed Keita.

Benken: Thomas Borger, Krister Aunan, Ola Kamara, Martin Rønning Ovenstad, Bismark Adjei Boateng, Razak Nuhu, Ole Amund Sveen.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.