NRK Meny

Ådne (7) og tusenvis av andre er klar for ny festivalhelg med kjempevêr

Det går imot nok ei stor festivalhelg i Sogn og Fjordane, og meteorologen kan forsikre festivalfolket om at godveret vil halde seg.

Ådne Wilberg

KLAR FOR FESTIVAL: Ådne Wilberg (7) skrur i lyspærer som skal henge på festivalcampen i Skjerjehamn.

Foto: Linn Dyveke Wilberg

Artikkelen er mer enn to år gammel.

Alt frå onsdag brakar det laust på Skjerjehamn i Gulen med Utkantfestivalen, og torsdag er 2014-utgåva av Fresn i gong i Fresvik. Ei rekkje andre større og mindre arrangement skjer også rundt i fylket denne helga.

Tusenvis av musikkhungrige skal nok ein gong ut på tur - og no kan Vervarslinga på Vestlandet i Bergen love at det strålande, varme sommarvêret vil halde fram heilt til søndag morgon.

Ventar opp mot 30 grader

– Det ser vel ut til at det blir framleis blir varmt både fredag og laurdag. Det vil seie opp imot 30 grader, og faktisk i overkant av det einskilde stader i maksimumstemperatur, fortel statsmeteorolog Jørgen Grønneberg til NRK.

Frå og med torsdag er det fare for ettermiddagsbyger, først i midtre- og indre strok. Men laurdag kan det og kome byger på kysten, opplyser Grønneberg.

Datarock

FULL FRESN: Datarock er blant banda som kjem til Fresn i Fresvik.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix
Utkant

HEITT I UTKANTEN: Fleire tusen vil i helga ta turen til Skjerjehamn og Utkant. Her frå ein tidlegare festival.

Foto: Siri Linn Brandsøy

Trur folk toler ein regnskur

For dei som arrangerer store festivalar og andre arrangement komande helg er dette verkeleg godt nytt. I Fresvik er dei godt i gang med å rigge festivalområdet for Fresn på Skau gard.

– Det vi er mest opptekne av er temperaturen. Er det varmt, så turkar folk raskt opp att etter ein skur, meiner Lars Tore Skau, som er ein av karane bak musikkfestivalen på sørsida av Sognefjorden.

Sikrar nok vatn

Lengst vest i Sogn er dei friviljuge i full gang med å førebu eit stort innrykk av publikum til Utkantfestivalen. At dei også i år ser ut til å treffe med vêret gjer absolutt ingenting, forsikrar marknadsansvarleg for Utkant, Linn Dyveke Wilberg.

– Vi har sørga for å ha nok vatn i beredskap, og vi har også instruert dei friviljuge vaktene om å sørge for at folk har nok vatn også på campen. Vi vil ikkje at nokon skal bli dehydrerte i varmen, seier Wilberg.

2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar
Stortingsvedtak om vestlandsregionen