NRK Meny
Normal

«Veka blir bra, det er ein grei konklusjon»

Skulestart og strålande vêr! Statsmeteorologen lovar sol og høge temperaturar utover heile veka.

Solnedgang

VAKKERT: Sven Petter Kjerpeset fanga denne augneblinken i Bremanger.

Foto: Sven Petter Kjerpeset / Instagram

– Det er litt grått og vått no på morgonen. Den fronten som har hengt over Vestlandet i heile helga, ligg framleis nær kysten. Men den trekker vestover og etter den så blir det betre vêr, lovar statsmeteorolog Marit Berger.

Ho forsikrar at i løpet av dagen vil skyene trekke seg unna og at det rett og slett blir sol på den første skuledagen.

– Korleis blir temperaturane då?

– Det vil bli ganske bra temperaturar også, eigentleg heile veka. Ein stad mellom 20 og 25 grader trur eg temperaturen vil liggje på.

Trass litt usikkerheit om korleis det blir komande helg, trur Berger at heile veka rett og slett blir fin.

– Veka blir bra, det er ein grei konklusjon.

NRK si ringerunde i morgontimane synte at temperaturane rundt om i fylket var rett så bra litt før klokka seks:

Sognefjellet: 8 grader

Øvre Årdal, Sogndal og Høyanger: 15 grader

Leirvik: 15 grader

Førde: 14 grader

Loen: 16 grader

Florø: 14 grader

Gullfaks C: 13 grader

Og sidan det er meldt sol, så må vi jo ha med denne klassikaren!

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen