Hopp til innhold

Lovar snø i påska tross mildvêr

LANGELAND (NRK): Om du skal ut på langrenn eller alpint, kan snøen vera litt vassen og grovkorna grunna høge temperaturar. Her er ein rapport frå ulike skisenter i distriktet.

Langeland ski- og fritidssenter
Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Sola tærer på snøen som minkar dag for dag, seier driftsleiar Mange Øvrebø ved Langeland ski- og fritidssenter.

Dei siste dagane har mykje av snøen i skibakkane smelta. Snøen er hard om morgonane, bra midt på dagen, men om ettermiddagane blir den blaut og roten. Dette gjeld også ved Sogn, Breimsbygda, Harpefossen og Sogndal skisenter.

Om mildvêret fortset, håpar skisentera på kalde netter gjennom heile påska, slik at ikkje store mengder snø forsvinn.

Tidleg påske gjer heldigvis at det enno er mykje snø. Difor lovar dei driftsansvarlege at det uansett skal vere nok snø fram til påska er over.

Driftsleiar Mange Øvrebø preparerer løypene ved Langeland ski- og fritidssenter.

Langeland ski- og fritidssenter

På Langeland er det 50 - 60 cm snø i langrennsløypene. Skiføret er ikkje heilt på topp ifølgje Magne Øvrebø. Høge temperaturar gjer det vanskeleg å behalde skispora når den blir grovkorna.

– På dagtid dett spora saman etter ti personar har gått der.

Driftsleiaren ofte ute og preparer for å behalde løypene.

– Om det blir mildt gjennom heile påska skal vi likevel klare å lage til eit bra føre, seier Øvrebø.

Han er glad for at påska er tidleg i år.

– Hadde påska vore 2 - 3 veker seinare så trur eg ikkje vi hadde hatt skiføre i dei tre lengste løypene.

Driftsleiar Magne Øvrebø ved Langeland ski- og fritidssenter

MINKAR: Sola tærer på snøen som minkar dag for dag, fortel driftsleiar Magne Øvrebø ved Langeland ski- og fritidssenter.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Turløyper Stryn

I Stryn er det mellom ein og to meter med snø.

– Snøen er fast og fin, god å preparere, og det blir veldig gode løyper, seier dagleg leiar Arvid Hatledal.

Både dei vanlege løypene og fjelløypene er opne. Dei blir preparert dagleg ved behov.

– Vi er klare til å ta imot folk, seier Hatledal.

Sogn skisenter

I Sogn er snøen også på mellom ein og to meter.

– Snøen er grovkorna og har byrja å løyse seg opp, seier driftsleiar Runar Tørrvi.

Likevel er det nok snø i bakkane til at den ikkje smelter vekk. I tillegg er det ganske kjølig om nettene enno.

– Det hjelp på med litt nattefrost, seier Tørrvi.

Han fortel at skisenteret uansett er avhengig av sol og blå himmel for å få folk til anlegget.

Sogn skisenter

NOK SNØ: Snøen har byrja å løyse seg opp i Sogn, men det er nok snø i bakkane til at den ikkje forsvinn før påska er over.

Foto: Runar Tørvi / Sogn skisenter

Sogndal skisenter Hodlekve

I likheit med dei fleste andre skisentera, har Sogndal skisenter mellom ein og to meter snø i bakkane.

– Vi har såpass mykje snø at ikkje er noko redsel for at den kjem til å forsvinne i sola sjølv om det er meldt ganske mildt, fortel dagleg leiar Camilla M. Grendahl.

– Det blir mest slusj, så snøen er litt våtare, men den er enkel å køyre i.

Grendahl er ikkje redd for at det skal bli for lite snø grunna mildvêret.

– For to år sidan var påska seint i april, og da var vi ganske redde for at snøen skulle forsvinne, men i år er det ikkje noko problem.

Harpefossen skisenter

På Harpefossen ligg det ein til to meter snø.

– Her er det mildvêr om dagen og frost om natta, så det er ganske så likt som på dei andre skisentera, fortel Jarle Åsebø.

Om ein tar seg heilt til toppen, kan ein finne puddersnø. I tillegg har Harpefossen nok med kunstsnø i botnen.

– Den vil nok ligge ut april, seier Åsebø.

Harpefossn skisenter

PUDDER PÅ TOPPEN: Mildvêret gjev grovkorna snø også på Harpefossen, men om du tar deg til toppen kan du stå i puddersnø.

Foto: Harpefossen skisenter

Breimsbygda skisenter

Breimsbygda har llitt over ein halv meter med snø.

– Det var litt nedbør i starten av veka, så då var det bautt. Men nattefrost og trakkemaskin gjev gode forhold, seier marknadsansvarleg Vegar Sårheim.

50 kilometer med løyper er preparert og klare for påska. Om ettermiddagane kan ein få litt "slushy" påskesnø.

– Men det er jo litt artig å bryne seg på det òg.

Så lenge det er kaldt på nattetid skal skisenteret klare seg gjennom påska.

– Hadde påska vore like sein i år som i fjor hadde vi hatt problem med å holde alpinbakkane opne, seier Sårheim.

Hornindal skisenter

KLAR FOR PÅSKA: Hornindal skisenter slik det tok seg ut ein godvêrsdag no i mars.

Foto: Hornindal skisenter

Hornindal skisenter

Hornindal skisenter melder at alle nedfartane er godt preparerte, og at skisneteret er klart for påskeinnrykk. Eit t-trekk på 1500 meter utløyser to nedfartar, kvar på 1650 meter.

– Det er gode forhold no når vi går inn i påska, seier driftsleiar Amund Sverre Tomasgard. Vi har laga fleire hopp og ein funpark. I tillegg har vi fått på plass nye figurar i barnebakken. Dei er populære, seier driftsleiaren.

Det er rikeleg med snø i anlegget som har trekkstart på 390 m.o.h. Toppen av trekket ligg på 750 m.o.h.

– Også langrennsløypene våre er klare for storinnrykk, både rundt Grendadalen og den populære langturløypa inn til Hornindalssætra, seier Tomasgard.

Hornindal skisenter

KVELDSSTEMNING: Hornindal skisenter med flaumlyset tent.

Foto: Hornindal skisenter