Hopp til innhold

Lovar reprise av knalltøff topptur-konkurranse

Sju fjelltoppar og 3000 høgdemeter på rappen lokka 32 toppturentusiastar til Stryn. No lovar arrangørane at det blir meir av den råaste skialpinkonkurransen i Norge neste år.

Perfekte forhold under Stryn Rando 3000

PERFEKTE FORHOLD: Strålande sol, blå himmel og flotte forhold i fjellet sikra perfekte kulissar for den første randonee-konkurransen i fjella rundt Stryn vinterskisenter. Det vil arrangørane ha meir av.

Foto: Johan Olai Svidal

– Dette blir arrangert fleire gonger. Det kan eg love deg, seier ein oppglødd Johan Olai Svidal som er talsmann for Stryn Rando 3000.

3000 høgdemeter, 26 kilometer og sju fjelltoppar. Det er definitivt ikkje for pyser, men fleire av dei beste randonee – utøvarane i Norge tok til turen til fjella rundt Stryn vinterski for å måle krefter.

Blant dei Lars Eirik Skjervheim, som har blitt norgesmeister tre år på rad. Han måtte gå i kjellaren fleire gonger i løpet av den tøffe løypa, og gjekk til slutt i mål på 2:56:59.

Eg måtte bite tenna skikkeleg hardt saman mot slutten, fortel Skjervheim til NRK.no.

Toppar som i seg sjølv er dagsturar x 7

Kåre Tonning

GODT NØGD: Rennleiar Kåre Tonning er til vanleg dagleg leiar ved Stryn vinterski.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Rennleiar Kåre Tonning meiner området på Strynefjellet er heilt perfekt for toppturar og randonee-konkurransar.

I dagens konkurranse starta løparane på skisenteret, ved 350 meter over havet og var innom Gryta (1032 moh.), Kyrkjenibba (1400 moh.), Botneskrednibba (1280 moh.), Natakupa (1400 moh.), Hestefjellsnibba (1303 moh.), Karifjellet (1320 moh.) og Gulkoppen (1306 moh.) før dei fekk gå i mål.

– Det er ei ekstremt tøff løype, seier han og meiner konkurranseløypa berre er for dei aller beste.

Det var også ei litt kortare løype, Classic-løypa, der turen gjekk over fire fjelltoppar.

– Dette er fire fjelltoppar som i seg sjølv er dagsturar for normale folk, seier Tonning for å setje løypa i perspektiv.

Frå starten i konkurransenklassen i Stryn Rando 3000
Foto: Johan Olai Svidal

Mykje skryt

Hildegunn Gjertrud Hovdenak

BESTE KVINNE: Hildegunn Gjertrud Hovdenak frå Romsdal Randonee.

Foto: Johan Olai Svidal

Med 32 deltakarar i konkurranseløypa og 51 i Classic var fjellsidene fulle av skiglade smil i dag. Johan Olai Svidal var sjølv ute i løypa.

– Eliteløparane hadde så vidt pust, men dei skrytte løpet opp i skyene og rosa oss for eit fantastisk arrangement.

Vinnar av dameklassen var Hildegunn Gjertrud Hovdenak. 30-åringen var på EM i randonee i februar og er full av skryt om arrangementet.

– Det er kjempekjekt med litt lengre konkurransar, som er så lange at folk synest det er eit bragd berre å gjennomføre, seier ho.

Lovar at det blir meir

Johan Olai Svidal

DET BLIR MEIR: Lovar talsmann for arrangørane, Johan Olai Svidal.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Ho kom i mål med tida 3:45:34 og er sjølv godt nøgd med det.

– Det var veldig tungt, og veldig kjekt å vinne, sjølvsagt, seier ho tydeleg sliten etter målgang.

Årets «Stryn Rando 3000» kom i stand med berre knappe to og ein halv månad planlegging. Johan Olai Svidal i arrangementskomiteen seier dei allereie har planar om nytt renn neste år.

– Vi har ein lidenskap for dette og er utruleg godt nøgde med arrangementet, seier han.