- Regjeringa har ein ambisjon om å trappe opp kulturløyvingane til 1 prosent av statsbudsjettet. Og det vil gi rom for kunstmuseum i Førde og bergkunsten i Flora etter kvart. Men spørsmålet er kor fort dei kjem inn i køen av ulike byggeprosjekt, og om det er statsbudsjettet for 2007 eller 2008, seier han.
Fylket må prioritere
Men det kulturministeren ikkje nemnde er det planlagde kulturhuset på Nordfjordeid, som mellom anna skal huse Opera Nordfjord. I desember bad nemleg eit fleirtal i kulturkomiteen Regjeringa løyve pengar til kulturhuset.
Operasjef Kari Standal Pavelich seier dei treng omlag 20 millionar frå staten til å realisere prosjektet - og set no sin lit til regjeringa og kulturminister Giske. Men ministeren seier det er viktig at fylket prioriterer kva for prosjekt som skal komme først.