Hopp til innhold

Lovar pengar til E39 i Sunnfjord

Samferdsleministeren vil starte på utbetring av E39 mellom Vadheim og Førde neste år.

E39 i Gaular

FLASKEHALS: Denne strekningen på E39 sør for Sande skal snart verte historie, ifølgje samferdsleministeren.

Foto: Ottar Starheim / NRK

- Min ambisjon er å få på plass oppstartsmidlar i 2012 på fleire strekningar. Eg veit at det er viktige utbetringar som må gjerast fort på strekningane Dregebø-Grytås og ved Sande, seier samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til NRK Sogn og Fjordane.

350 millionar

Samla pris på utbetring av desse to strekningane er 350 millionar kroner. Mellom anna skal E39 leggast utanom Sande sentrum og det skal byggjast ein tunnel langs Økslandsvatnet for å rassikre den sterkt trafikkerte vegen.

Gul midtstripe

Begge prosjekta er med i Nasjonal Transportplan, men i Statens vegvesen sitt forslag til vegbudsjett for 2012 er dei ikkje med. Men no grip altså samferdsleministeren inn, og lovar pengar for å verte kvitt to av dei verste flaskehalsane mellom Førde og Bergen.

- Det er eit viktig mål å få plass gul midtstripe på E39, seier Meltveit Kleppa.