Hopp til innhold

Nok ein stortingspolitikarar lovar økonomihjelp

Fleire parti på Stortinget lovar å hjelpe Sogn og Fjordane å redusere tapet av nytt inntektssystem. Sist ut er Venstre, og deira mann i kommunalkomiteen, André Skjelstad.

André Skjelstad og Alfred Bjørlo

FOR STORE UTSLAG: Stortingsrepresentant for Venstre, André Skjelstad og partifelle og Eid-ordførar Alfred Bjørlo i diskusjon. Skjelstad seier av det nye inntektssystemet er for store for Sogn og Fjordane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Sogn og Fjordane kjem verst ut i klassen. Det er det ikkje noko tvil om. Vi er nøydde til å sjå på dette, for utslaga er altfor store, seier Skjelstad.

Medan fylkespolitikarane sat spreidd på ulike grupperom og lagde kuttlister denne veka, kom stortingsmannen på besøk på fylkeshuset på Hermansverk.

– Dette er dramatisk

Han gjekk rett til toppetasjen og fekk høyre kor ille det går med fylkeskommunen når ein må kutte 230 millionar dei neste fem åra, slik regjering og Storting har bestemt.

– Eg fekk ei veldig god orientering av fylkesrådmannen og økonomisjefen. Eg sit att med eit inntrykk at dette er dramatisk for Sogn og Fjordane, seier Skjelstad.

Berre den siste av mange

Knut Arild Hareide

ENDRINGAR: KrF-leiar Knut Arild Hareide vil ha endringar.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix
Hilmar Høl

GARANTI: Fylkesleiar i Ap, Hilmar Høl, har orientert toppleiinga i partiet, og kan garantere at partiet tek tak.

Foto: Oddvin Aune / NRK

Han er ikkje den einaste frå Stortinget som meiner det. Tidlegare har KrF-leiar Knut Arild Hareide sagt det same.

– Det er dramatiske kutt som kan ligge framfor Sogn og Fjordane. Det er behov for endringar. Eg kjem til å ta med meg dette til Oslo, for å få til endringar, har han sagt til NRK tidlegare.

Også toppleiinga i Arbeidarpartiet er orienterte.

– Dei tok med seg våre signal, og ville ta det med seg vidare. Det er ikkje tvil om at dei meinte at dette er alvorleg for Sogn og Fjordane, seier fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Hilmar Høl.

– Men kan du garantere noko på vegner av partiet etter denne praten?

– Eg kan garantere at Arbeidarpartiet tek tak, det gjer dei, seier Høl.

Men kan ikkje legge vekk kuttlistene

Men korleis fylket kan hjelpast er foreløpig ikkje klart, seier Skjelstad i Venstre.

– Vi er nøydde til å sjå på tapskompensasjonen. Vi var med å gi litt tapskompensasjon i vår, men vi kan ikkje vere med på å rasere eit vidaregåande skuletilbod i eit heilt fylke, seier stortingsrepresentanten.

– No sit alle fylkespolitikarane med kvar sine kuttlister. Med tanke på det du seier, bør dei legge vekk kuttlistene og vente på frelsaren Venstre?

– Eg trur ikkje nødvendigvis dei skal gjere det. Kuttlistene er nødvendige uansett, for dette vil verte ei omstilling uansett korleis vi kan kompensere dei største utslaga, seier Skjelstad.