I framlegg til revidert nasjonalbudsjett i morgon presenterer regjeringa ein tiltakspakke for å hjelpe desse industrikommunane.
Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, seier at kommunen treng fleire hundre millionar kroner for å erstatte dei tapte arbeidsplassane. Han stiller seg difor avventande til Regjeringa sin lovnad om fleire ti-tals millionar kroner.