Lovar markering når cupheltane kjem heim i kveld

Ordførar i Førde, Olve Grotle, lovar markering i Førdehuset når dei nybakte noregsmeistrane kjem heim i kveld.

Mathias Loftesnes og Olve Grotle

HYLLAR HELTANE: Her deler Førde-ordførar Olve Grotle (H) ut kongepokalen til Førde-spelarane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Klokka 19 i kveld har vi ei markering, og vi oppmodar alle som kan om å kome til Førdehuset for å ta i mot cup-heltane våre, seier Grotle

Grotle var sjølv i Oslo og såg Førde-laget bli noregsmeistrar . Men med armen i fatle etter ein operasjon heldt det hardt for Førde-ordføraren å ikkje la seg rive heilt med då det var klart at kongepokalen var sikra .

– Det var ei påkjenning, eg måtte heile tida passe på at eg ikkje løfta armane i lykkerus. Og eg fekk eit ekstra utfordring då eg vart beden om å dele ut kongepokalen. Eg fann ut at når eg skulle dele ut pokalen så kunne eg ikkje gjere det med fatle , men det gjekk fint.

Og når cup-heltane kjem heim med kongepokalen i bagasjen så blir det ei lita markering.

– Då blir det ei mottaking i storstova får i Førdehuset, med talar og kanskje ei lita overrasking, lovar Grotle.