NRK Meny
Normal

Og det blir sol, sol sol - og så litt regn...

Meteorologen lovar pent vêr ut helga, blanda med nokre ettermiddagsbyer. Men på kysten kjem det til å blåse godt.

Nedstrand-sol

UTRYGT: Einskilde stadar vil det komme ettermiddagsbyer allereie frå torsdag.

Foto: Elisabeth N-H

– Det ser ut til å bli ein veldig fin dag, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Gunnar Livik.

Mange er allereie godt i gang med første ferieveka, og trass i spådommar frå kjende og meir ukjende vêrmenn, held meteorologen fast på å melde vêret for litt kortare bolkar i slengen.

Ifølgje Livik kjem den kjølige nordavinden, som siste veka heldt temperaturane godt nede, til å halde fram på kysten.

Kjem til å blåse friskt på kysten

I dag er det venta nordleg frisk bris, og det kjem til å ta seg opp.

– Utover dagen aukar det til nordaustleg stiv kuling ved Stad. Så det blir ein luftig dag heilt yttarst på kysten, men elles vert det ein veldig fin dag, seier Livik.

Gunnar Livik, meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet

VINDFULLT: Meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Gunnar Livik, fortel at det vert mykje vind på kysten.

Foto: Meteorologisk institutt

Vinden kjem til å halde fram på kysten også dei neste dagane, men godvêret held seg.

– Vinden aukar til nordleg liten og til dels stiv kuling på kysten nord for Sognefjorden, og det kan bli nordaust sterk kuling ved Stad. Men elles blir det fint også på torsdag, seier Livik.

Ustabil luft gir ettermiddagsbyer

Men det kjem til å bli utrygt for einskilde ettermiddagsbyer både i indre og midtre strøk.

– Men bortsett frå det blir det ein fin dag i morgon også, seier Livik, og legg til at vinden i indre strok ikkje vert noko å snakke om.

Fredag er faren for ettermiddagsbyer endå større.

– Spesielt i indre og midtre strøk. Dei kan også komme i ytre strøk. Det er ein del ustabil luft som kjem krypande, så dette er vi ganske sikre på, seier Livik.

Også i helga ser det ut til at ettermiddagane vert utrygge for regnbyer.

– Elles blir det lange periodar med sol. Temperaturane ser også greie ut. Det ser ut til å bli ganske kjølig på natta, truleg litt under ti grader. I indre strok kan ein få temperaturar på 20-talet på ettermiddagen, seier Livik.