NRK Meny
Normal

Lovar ferjeavløysingsmidlar i 40 år

Høgre sin stortingsrepresentant, Bjørn Lødemel, seier Høgre, Frp, KrF og Venstre er samde om 40 års kompensasjon for ferjedrift på fylkesvegnettet. Det kan bety bruer i staden for ferjer fleire stader.

Bjørn Lødemel

VELDIG POSITIVT: Det er positivt at regjeringa fekk på plass ordninga, og endå meir positivt at samarbeidspartia aukar til 40 år, seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H)

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I kommuneproposisjonen som vart lagd fram i dag er det lagt til rette for 30 års kompensasjon på ferjedrift. Dette er det same som ferjeavløysingsordninga på riksvegferjene i dag. Det vil seie at ein kan byggje bru eller tunnel for det det ville kosta å drive ferjesambandet.

I Sogn og Fjordane er dette ei ordning som ytre Steinsundet, Atløysambandet og Kystvegen kan få glede av, viss det vert vedteke i Stortinget.

Samde om å auke til 40 år

Høgre sin stortingsrepresentant, Bjørn Lødemel, seier Høgre, Frp, KrF og Venstre sine medlemmer i kommunal- og forvaltningskomiteen er samde om 40 års kompensasjon for ferjedrift på fylkesvegnettet.

– Det var venta at det kom 30 år i kommuneproposisjonen. Men vi er samde om å auke opp til 40 år. Det er positivt at regjeringa fekk på plass ordninga, og det er endå meir positivt at vi samarbeidspartia aukar til 40 år, seier Lødemel.

Frida Melvær

ORDFØRAR: Frida Melvær

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes

Ei bru mellom Atløy og Askvoll er prissett til mellom 700 og 800 millionar kroner. Askvoll-ordførar Frida Melvær (H) er klar over at det blir jobba for å få gjennomslag for 40 år i Stortinget i juni.

– Eg har framleis is i magen til juni. Eg kjenner meg trygg på at det er vilje til å få gjennomslag for 40 år, seier Melvær.

Håpar ordninga kjem på plass neste år

Leiar i samferdslenemnda i Atløy Vel, Aril Olset, seier Askvoll kommune no held på med kommunedelplanen for Atløysambandet.

–Det fekk vi ikkje støtte til frå fylket, så det er finansiert av Askvoll kommune og pengar samla inn frå folket på Atløy.

Han har tru på å at planane vert klare i løpet av året, og håpar kompensasjonsordninga kan gjelde frå 2016.

– Atløysambandet er heilt unikt i nasjonal samanheng. Eg veit ikkje om noko anna prosjekt som er betre eigna til ferjeavløysing. Det er eit veldig kort samband og ei veldig dyr ferje. I staden for at staten og samfunnet kastar vekk pengane på å køyre ferje, kan dei heller investere mindre pengar på å realisere eit fastlandssamband, seier Olset.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast