Hopp til innhold

Lovar dragkamp om nedskjæringar - KrF vil gje fylkeskommunen meir tid og pengar

Det blir dragkamp på Stortinget om fylkeskommunen sine nedskjeringar. Det varslar både Venstre og KrF.

Skjelstad og Toskedal

VIL SJÅ: Både f.v. André Skjelstad (V) og Geir Toskedal (KrF) vil sjå nærare på utslaga som det nye inntektssystemet for fylkeskommunane vil få for Sogn og Fjordane.

Foto: privat/Arne Gunnar Olsen / Venstre/NRK

Regjeringa vil at fylkeskommunen skal kutte 230 millionar over dei neste fem åra fordi dagens inntektssystem er urettferdig.Men stortingsrepresentant André Skjelstad frå Venstre vil endre på regjeringa sitt opplegg.

– Vi er villige til å sjå på at det no har vorte eit så stort utslag som vil vere dramatisk for Sogn og Fjordane. Det jobbar vi med no, seier Skjelstad.

Vil sjå på tapskompensasjon

Skular, bussar, båtar, vegar, kultur og næringsutvikling står no på spel for Sogn og Fjordane.

Spørsmålet er både kor store kutta kan bli, men også kor lang tid fylkeskommunen får på ei beintøff omstilling som kan bli på 230 millionar kroner dei neste fem åra.

Skjelstad meiner ei såkalla tapskompensasjonsordning som gjer kutta mindre kan vere vegen å gå.

– Det er fleire modellar som er aktuelle. At vi utvidar det i tidsramme, trur eg ikkje er det beste. Eg trur det er betre at det blir eit mindre beløp. No får vi sjå på dette fram til at vi skal gi frå oss dette i komiteen, seier Skjelstad.

Seinast onsdag denne veka hadde politikarane frå samarbeidspartia møte om saka. Men forhandlingane har endå ikkje starta for fullt.

Må sjå på om det kan gjerast avrundingar

Også KrF vil endre på opplegget til regjeringa, men stortingsrepresentant Geir Toskedal varslar òg at kutt for Sogn og Fjordane vil kome.

– På dette tidspunktet kan eg ikkje love noko. Men vi har registrert reaksjonane og ser at utslaga er monalege. Spørsmålet blir om femårsmodellen må ha nokre avrundingar i kanten for å få dette på plass og komme betre i hamn, seier Toskedal.

Fylkesleiar i KrF Trude Brosvik er spent. 12. juni skal innstillinga frå kommunalkomiteen vere klar, no går føre seg det eit intenst arbeid med å påverke.

– Det gjer det i høgste grad, både på kryss og tvers, seier Brosvik.

- Ei rasering

Også fylkesleiar Gunhild Berge Stang i Venstre meiner regjeringa sitt framlegg blir for tøft for Sogn og Fjordane, og legg press på partifellene på Stortinget.

- Vi tar sterk avstand frå ei slik rasering, og vi har for lengst spelt inn til stortingsgruppa at her må det gjerast noko, så dette tek vi på høgste alvor. Vi kan ikkje ha slike dramatiske kutt, det går til dømes ut over tilbodet til ungdomane våre som har rett til å få ei tilfredstillande vidaregåande opplæring.