NRK Meny
Normal

Endrar rutinane etter kaotisk påskedag

Statens vegvesen tek lærdom av kaoset som oppstod første påskedag på E16 i Aurland.

Kø på E16 mellom Flåm og Aurland

KØ: Første påskedag vart det svært lange køar på E16 gjennom Aurland.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

På grunn av uventa stor trafikk vart gasskonsentrasjonen i Gudvangatunnelen så høg at alarmen vart utløyst, og tunnelen vart automatisk stengd. Men resultatet vart at det hopa seg opp med bilar også inne i Flenjatunnelen og Fretheimstunnelen.

Ein av grunnane til den store trafikken var at Statens vegvesen oppmoda påsketuristane om å reise heim første påskedag. Hans Krossøy frå Bergen var på Geilo saman med familien og valde å fylgje rådet.

Hans Krossøy

KRITISK: Hans Krossøy var mellom dei som vart ståande i Flenjatunnelen.

Foto: privat

Men då dei kom til Flåm var det stopp. På radio fekk dei beskjed om at Gudvangatunnelen var stengd.

– Vi stod lenge før vi fekk køyre inn i Flenjatunnelen. Så opna dei Gudvangatunnelen. Vi køyrde inn i Flenjatunnelen og var komne nesten gjennom, så vart det stopp igjen. Tunnelen var tilsynelatande full av bilar.

– Skremmande

Lange køar

LANGE KØAR: Ein liten bit av den lange køen med bilar som hopa seg opp første påskedag. Desse bilane stod i friluft i Flåm, men det stod også bilar inne i tunnelane.

Foto: NRK-tipsar

Mange av bilane hadde motoren i gang. Krossøy meiner dei stod i ro bortimot tre kvarter i tunnelen. Han er svært kritisk til det som skjedde.

– Det var mykje barn og vaksne som gjekk rundt der og lurte på kva som skjedde. Og det var skremmande med tanke på brannane som har vore i Gudvangatunnelen. Det er utruleg at dei sleppte ein så lang kø inn i tunnelen og let han bli ståande.

Krossøy meiner det var meir eksos inne i Flenjatunnelen enn i Gudvangatunnelen, som faktisk vart stengd på grunn av mykje gass. Han meiner Vegvesenet burde ha sleppt trafikken gjennom trass i gassalarmen.

Laster kart, vennligst vent...

MANGE TUNNELAR: Mellom Aurland og Gudvangen må trafikken første gjennom Fretheimstunnelen i Flåm (1363 m), så Flenjatunnelen (5053m) før dei kjem til Gudvangatunnelen (11428 m).

– Vil ha folk på plass neste gong

Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen fortel at det var det som skjedde då han vart kopla inn første påskedag.

– Vi overstyrte systemet og sleppte gjennom bilar trass i at verdiane for gasskonsentrasjon var litt høgare enn det vi ynskjer. I ettertid vil vi sjå om det er mogeleg å ha einvegskøyring for å syte for at det er nok frisk luft i tunnelen.

Men Finden tek sjølvkritikk på vegner av vegvesenet på at dei ikkje hadde folk til å dirigere manuelt. Det var uventa for dei at trafikken vart så stor. I dei store utfartshelgene framover vil dei vere meir føre var.

Svenn Egil Finden i Statens vegvesen

TEK SJØLVKRITIKK: Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen lovar betre beredskap neste store trafikkdag.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen

Sterkare vifter

– For ettertida vil vi syte for at vi har folk til manuell dirigering utanfor Fretheimstunnelen, slik at vi kan stoppe trafikken før dei køyrer inn i tunnelane.

I tillegg skal Gudvangatunnelen få større viftekapasitet, eit arbeid som startar no i vår.

– Viftekapasiteten bra, men den skal bli auka gjennom det oppgraderingsarbeidet.

Gudvangatunnelen var også stengd i 45 minutt i ei utfartshelg tidlegare i vinter, og Finden seier det også kan skje på dagar med mykje tungtrafikk.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser