Hopp til innhold

Ministeren vil auke innsatsen mot rovdyra

Miljøministeren lovar auka innsats for å ta ut store rovdyr som ulv og jerv i beiteområda her i Sogn og Fjordane.

Klima- og miljminister Tine Sundtoft (H) i debatt om klima og økonomi

AUKA INNSATS: Miljøvernminister Tine Sundtoft (H) lovar auka innsats mot rovdyra i prioriterte beiteområde i Sogn og Fjordane.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Auka kompetanse hos jegerane og opning for meir bruk av snøskuter er nokre av lovnadane statsråd Tine Sundtoft (H) leverte då rovdyrpolitikken vart tema under dagens spørjetime.

– Sjansane er store for at det også neste år vil komme rovvilt inn i prioriterte beiteområde også neste år. Eg vil syte for at forvaltninga også har høg beredskap for å ta ut rovdyr som utgjer skadepotensial, sa Sundtoft.

Krevjande forvalting

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) viste til jerven sine herjingar i Indre Sogn då ho bad Sundtoft svare på kvifor ho ikkje syter for at rovdyra blir tekne ut.

For det såkalla rovdyrforliket i Stortinget konkluderer med at det ikkje skal vere ynglande jerv og ulv i Sogn og Fjordane. Enkeltdyr skal takast ut dersom dei gjer skade på husdyr.

– Det er krevjande å forvalte to motstridande interesser. I sommar har det også vore nesten samanhengande skadefellingsforsøk på jerv i Sogn og Fjordane. Dette er svært krevjande, sa Sundtoft.

Har mist 400 sauer

Liv Signe Navarsete

STILTE SPØRSMÅL: – Kvifor syter ikkje statsråden for at desse rovdyra blir tekne ut, spurte Liv Signe Navarsete miljøvernministeren i spørjetimen på Stortinget.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

I Sogn har ein i fleire månader prøvd å ta ut jerven som truleg har teke meir enn 400 sauer i Luster, Årdal, Lærdal og Stryn .

Forsøka frå dei lokale jegerane har ikkje oppnådd resultat i form av felling.

– Skadar på husdyr i prioriterte beiteområde har også samanheng med at rovvilt beveger seg svært raskt over store område. Rovvilt kan difor på kort tid vandre inn i prioriterte beiteområde. Når dette skjer i beitesesongen, hjelper det lite at Statens Naturoppsyn i forkant har tatt ut dyr som oppheldt seg i område, sa Sundtoft.

Lettare å bruke bås

Sidan lisensjakta så langt ikkje har vore god nok, lova difor statsråden auka innsats og meir effektiv jakt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jervefelle skal vere meir effektiv jakt

BÅS: Jervefelle skal vere ein meir effektiv form for jakt. No vil Miljøministeren gjere det lettare å transportere ut fellene.

Foto: Privat

Sundtoft ynskjer også å gjere det lettare å kunne nytte jervebås i jakta.

– I første rekkje, gjennom auka kompetanse hos jegerane. Vidare vil eg vurdere å opne noko meir for bruk av snøskuter til uttransportering av åte og jervebås, samt opne for å innhente praktisk erfaring med bruk av kunstig lys og åte for jerv, sa statsråden.

Flytte grenser

Navarsete peika på at hovudproblemet er at rovviltnemnda for områda i Oppland har flytta grensa for ynglande jerv heilt til fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane.

Rovviltnemnda i vårt distrikt ynskjer grensa flytta lenger aust .

– Då er mitt spørsmål til statsråden at konflikten mellom rovviltnemnder som har ulike synspunkt skal løysast? Kven skal avgjere dei? Og kvifor vil ikkje statsråden rydde opp i dette problemet, som har gitt stor vekst av jerv i eit område som skal vere rovdyrfritt, og dermed ta det ansvaret ho har som forvaltar av rovdyrpolitikken i Norge, spurte den tidlegare senterpartileiaren.

Vil avgrense konflikten

Sundtoft svara på si side at ein jobbar tett mot rovviltnemndene for å avgrense konflikten i rovdyrpolitikken og at ho meiner den rette vegen å gjere det på er gjennom lisensjakta.

  • LES OGSÅ:

– Det stortinget har sagt er at det ikkje skal vere rovdyr som representerer eit skadepotensial. Difor gjer vi no meir med å ta ut dyr i forkant av sesongen, og vi gjer meir gjennom lisensfellinga. Og vi er i god dialog med rovviltnemndene også på framtidige grenser mellom rovviltområda, sa ho.