Hopp til innhold

Lovar at pengar spart skal kome innbyggjarane til gode

Lokale politifolk fryktar at innsparingar som følgje av politireforma skal forsvinne vekk. Politimeisteren deler ikkje den dystre oppfatninga.

Kaare Songstad

LIKT ARBEID: Politimeister i Vest politidistrikt, Kaare Sognstad, er klar over at dei ikkje har nådd godt nok ut med kva som er målsettinga for politireforma. – VI har behov for eit likare politi i Noreg, seier han.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det er i utgangspunktet ikkje ei sparereform. Dei ressursane som vi sparer inn i eige distrikt skal returnerast til innbyggjarane i Vest politidistrikt, seier politimeister Kaare Songstad.

Sist veke vart det klart at han ynskjer å legge ned 12 av dagens lensmannskontor i Sogn og Fjordane og seks i Hordaland. I framtida skal mange av dagens oppgåver bli løyste ifrå ein bil med avansert IKT-utstyr heller enn frå eit fast kontor.

Regionlensmann i Sogn, Arne Johannesen, er skeptisk til reforma og fryktar mellom anna at folk i fylket får sjå lite til pengar som kan bli spart inn.

Stine Mari Flikki

TID: Stine Mari Flikki er uroa for at det vil ta lenger tid å få hjelp i naudsituasjonar utan eige politikontor i Gaupne.

Foto: Magnus Gamlem

– Viss eg visste at dei pengane vi sparer på reformarbeidet blir verande her i vår region, så kan eg garantere eit betre tilbod til publikum. Uromomentet er at ein trekk inn pengane som blir sparte, då får vi ikkje tatt ut vinst i betre kompetanse, bilpark og liknande, seier Johannesen.

Delte meiningar om konsekvensar i Luster

Politimeisteren er på si side tydeleg på at det viktigaste er at folk i heile landet får ei betre teneste, og at politiet skal vere meir til stades enn i dag. Innbyggjarane i Luster er usikre på om færre lensmannskontor er vegen å gå.

– Eg forventar at politiet skal kunne kome og hjelpe oss om noko skjer, ei ulukke eller noko kriminelt. Eg blir uroa, for ting kan ta lenger tid, seier Stine Mari Flikki.

Er ikkje uroleg

Kontoret i Sogn er eit fleire Sognstad vil fjerne. Det likar Karstein Kristensen dårleg.

– Kva det er som skal bli betre er det ingen som kan forklare. Det verkar ikkje som dei har ei god forklaring, seier han.

Joakim Røneid deler ikkje sambygdingane si uro.

– Eg er ikkje litt uroa ein gong. Det er ikkje så store problem her i Gaupne. Om det blir lenger utrykkingstid, så kan det bli eit problem, men Sogndal er ein større stad og har kanskje meir behov enn Gaupne.

Joakim Røneid

IKKJE UROA: Joakim Røneid meiner Gaupne vil klare seg godt utan lensmannskontor.

Foto: Magnus Gamlem

Drange er usikker

Også andre nestleiar i Politiets Fellesforbund og lensmann i Selje, Kjetil Drange er usikker på om politiet får meir pengar å rutte med.

– Det er ingenting som så langt tyder på at politimeisteren får fritt handlerom over pengane som blir sparte, seier Drange.

Politimeisteren trur ein kan spare pengar på mellom anna husleige, men er usikker på kor store innsparingar det til sjuande og sist blir snakk om. Og minner om at alt ikkje handlar om kroner og øre.

– Fleire patruljar med nytt utstyr vil vere meir kostbart. Sluttsummen skal vere at vi får ei betre polititeneste med fleire patruljar på hjul.