Hopp til innhold

Lovar at lokalsjukehusa skal bestå

Men statsråd Liv Signe Navarsete fredar ikkje lenger fødetilbod og akuttberedskap.

Jens Stoltenberg ( flankert av Kristin Halvorsen (t.v.) og Sp-leder Liv Signe Navarsete

SORIA MORIA 2: Statsminister Jens Stoltenberg (Ap) med SV-leiar Kristin Halvorsen (t.v.) og Sp-leiar Liv Signe Navarsete før presentasjonen av regjeringspartias nye samarbeidsavtale.

Regjeringa opnar for å endre funksjonane ved sjukehusa i den neste fireårs-perioden. Dette sa Navarsete under presentasjonen av den nye regjeringserklæringa i ettermiddag.

- Det er slege fast at lokalsjukehusa skal oppretthaldast, det er veldig viktig. Vi skal ha ei funksjonsfordeling, det er vi i Senterpartiet heilt klare på.

Vil tilføre tenester

Navarsete seier det må vere slik at dei største sjukehusa tek seg av dei mest spesialiserte tenestene.

- Men vi ønskjer å tilføre tenester til lokalsjukehusa. I samhandlingsreforma er det mange tenester som skal desentraliserast, difor trur eg ikkje det er fare for at det blir arbeidsløyve ved lokalsjukehusa.

- Sjukehusa er viktige

Ho seier at det med dette heller ligg til rette for at dei kan få styrka tenestene sine.

- Og det som ligg i Soria Moria-erklæringa er ikkje ei svekking av akuttberedskap og fødetenester, men ei stadfesting av at lokalsjukehusa er viktige sjølv om dei ikkje har desse tenestene i dag.

Høyr kva Åge Starheim, FrP, Knut M. Olsen, Sp, og Tor Bremer, Ap, meiner om Soria Moria 2-erklæringa.

Stolar du på Liv Signe Navarsete i denne saka? Sei di meining.