Lovar at ingen skal miste tilbodet

Ingen skal miste fasttelefonen og nettilgang over det gamle koparnettet utan dei har fått anna alternativ. Det lova Bjørn Amundsen som er dekningsdirektør i Telenor då han vitja næringsdagane i Førde. I løpet av det neste fire åra skal det gamle koparnettet avviklast og erstattast av fiber eller mobilnettet. I løpet av neste år startar Telenor også med bygge ut det nye og raskare 5G-nettet.

Bjørn Amundsen
Foto: PER KRISTIAN GRIMELAND / NRK