- Regjeringa har sett i gang eit utgreiingsarbeid der vi vil sjå på om det kan flyttast statlege arbeidsplassar til Årdal for å lette omstillingsarbeidet.
Meldinga frå næringsminister Odd Eriksen vart teken mot med ei avventande haldning frå eit fullsett samfunnshus på Årdalstangen. Eriksen deltok på eit folkemøte onsdag kveld for å gje svar på kva regjeringa vil gjere for å ta vare på arbeidsplassane når Hydro stoppar deler av aluminiumsproduksjonen.
Byråkratar
Men Eriksen vil ikkje vere konkret på kva slags arbeidsplassar det er snakk om. Han vil først avvente utgreiingsarbeidet som føregår i departementa.
- Vi snakkar om byråkrat-arbeidsplassar, var alt han ville seie.
- Kan ikkje overprøve Hydro
På folkemøtet gjentok Eriksen at det ikkje er aktuelt å be Hydro søkje om å få forlenga utsleppsløyvet, slik at kommunen får betre tid til å skaffe nye arbeidsplassar. Nye miljøkrav gjer at Hydro må stoppe produksjonen i dei eldste omnane innan utgangen av året. Det betyr at 134 personar mister jobben.
- Eg har hatt nær kontakt med leiinga i Hydro, men eg vil ikkje instruere dei. Aktivt eigarskap betyr ikkje at vi overprøver kommersielle avgjerder.
Ifølgje Eriksen må Hydro sjølv avgjere om dei vil sende ein slik søknad.
- Årdal skal overleve
Under møtet gjentok han også at den billege krafta som vert til overs når Hydro reduserer ikkje skal seljast ut av bygda, men brukast til næringsutvikling i Årdal.
Statsråden gjorde det også klart at folk i Årdal no må førebu seg på omstilling, sjølv om har garanterte for at det også i framtida skal vere aluminiumsproduksjon inst i Sogn.
- Årdal møter store utfordringar. Men Årdal vil overleve som ein meir allsidig og robust industristad. Det vil regjeringa syte for, sa Eriksen, som også helsa frå statministeren med same beskjeden.
- Ikkje noko nytt
Det var ingenting nytt i det Odd Eriksen la fram i Årdal onsdag. Det seier tidlegare finansminister Per Kristian Foss.
Han meiner at regjeringa tydeleg viser at dei ikkje vil føre ein meir aktiv eigarskapspolitikk, men berre bidra til alternativ sysselsetjing når bedrifter må nedbemanne.
- Vil presse Hydro
Regjeringa sin strategi for Årdal er å presse Hydro på nytt til å søkje Statens Forureiningstilsyn om forlenga drift av Søderbergomnane. VG skriv torsdag at dei får opplyst frå regjeringshald at det no blir jobba med å overtale Hydro.
På folkemøtet i Årdal avviste næringsministeren at han vil presse Hydro, men sa samstundes at han ikkje vil ha noko i mot at Hydro sender ein ny søknad.