NRK Meny
Normal

Lovar å passe på Sogn og Fjordane

Den nye visepolitimeisteren i Vest politidistrikt skal ha kontoret sitt i Bergen, men lovar mange turar til Florø.

Ida Melbo Øystese

GLER SEG TIL Å BLI KJEND: Visepolitimeister Ida Melbo Øystese har vore på sitt første besøk i Sogn og Fjordane.

Foto: Politiet

Ida Melbo Øystese (48) tok til som visepolitimeister 1. januar og valde alt på sin tredje arbeidsdag å ta turen til Florø for å helse på kollegaene der. Og dit har ho tenkte å reise hyppig.

– Eg er blitt teken veldig godt imot, og eg opplever at det er ein veldig god dialog mellom Sogn og Fjordane og Hordaland. Det er ikkje langt å reise hit, og det er mange arbeidsoppgåver eg kan gjere herifrå.

Ida Melbo Øystese har dei siste åra vore personleg rådgjevar for politidirektøren. Ho er utdanna cand.jur. frå Universitetet i Bergen i 1994 og har arbeidd fleire år i Follo politidistrikt. Ho har og vore dommarfullmektig i Moss tingrett og advokatfullmektig i Singapore.

Oppvekst i Odda

Ho vedgår at ho ikkje er særleg godt kjend i Sogn og Fjordane enno, men det lovar ho å rette på.

– Eg er frå Odda, så eg veit litt om å bu i ei bygd inne i ein fjord med høge fjell rundt. Det er iallfall likt menge stader i Sogn og Fjordane.

Ho meiner at sjølv om mange lensmannskontor blir lagde ned så skal Vest politidistrikt ha eit synleg og tilstadesverande politi også i framtida.

– Vi jobbar med å utruste patruljebilane til å kunne løyse ein større del av oppdrag frå bilen, der og då, ute blant publikum. Her er Sogn og Fjordane alt langt framme, og kan dermed vere med på å finne gode løysingar for andre politidistrikt.

Vegopning på Bergum i Førde kommune