Hopp til innhold

Høgre lovar småkrafteigarane å rydde opp

Førstekandidat Bjørn Lødemel (H) lovar småkrafteigarar utan grøne sertifikat eit solid løft om dei kjem i regjering. Senterpartiet trur ikkje på lovnaden.

Bjørn Lødemel og småkraft

LOVNAD: Bjørn Lødemel og Høgre vil ordne opp for dei 180 småkraftverka som ikkje kom med i ordninga med grøne sertifikat, og som er truga av raude rekneskapstal.

Foto: Fotomontasje

Ordninga med grøne sertifikat vart innført i samarbeid med Sverige, og skal sikre utbygging av fornybar kraft.

Men 180 småkraft-utbyggarar fekk verken grøne sertifikat eller tillegg til kraftprisen, slik dei var lova av den raudgrøne regjeringa.

– Og vi ser kva som har skjedd med dei som kom utanfor ordninga. Fleire held på å gå konkurs, seier Bjørn Lødemel, førstekandidat for Sogn og Fjordane Høgre.

– Alle har eit ansvar

Den opphavlege lovnaden frå dei raudgrøne var at alle som bygde etter 2004 skulle få dette tillegget til kraftprisen. Til slutt var det berre kraftverk bygde etter 1. september 2009 som kom med.

Dei fire borgarlege opposisjonspartia på Stortinget vil gå i nye forhandlingar med Sverige.

– Alle parti på Stortinget har eit moralsk ansvar for å rette opp i dette. Det er det som ligg bak, seier Lødemel.

– Lite realisme

Jenny Følling

TVILAR: Jenny Følling (i midten).

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Jenny Følling, 2.-kandidat for Senterpartiet tvilar på lovnaden.

Ho meiner det er lite anna enn eit valutspel.

– Eg meiner det er lite realisme i dette utspelet. For skal ein inn med kompensasjon, så må det truleg takast frå regelverket for statstøtte. Skal ein prøve å få dette innanfor ordninga, så må ein reforhandle traktaten med Sverige og då vil det gå utover dei som står i kø og ventar på konsesjonsbehandling, seier Følling.

Vil forhandle

Lødemel står på si side fast på lovnaden, og seier dei vil vurdere fleire modellar. Først vil dei prøve å få dei 180 kraftverka det gjeld inn i dagens ordning.

– Det enklaste er om ein får til ein avtale med Sverige innanfor ramma som er i dag. Det er det som er vårt framlegg i dokument åtte-framlegget. Når ein då skal forhandle med Sverige, så kan ein ikkje gje resultatet av det no, seier han.