NRK Meny
Normal

Lovar 500 kroner i finnarløn

Marine Harvest går no ut og lovar 500 kroner for kvar fisk som blir fanga og levert inn etter fiskerømming frå eit anlegg i Bremanger.

Norges nest største eksportartikkel

FRYKTAR MASSEFLUKT: Marine Harvest opplyser onsdag at det har vore ei lakserømming i Bremanger.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

– Det har oppstått eit hol i nota i merden, det er det vi kan seie om sjølve skaden på anlegget, seier pressekontakt i Marine Harvest, Ola Helge Hjetland til NRK.

Det er frå selskapet sitt oppdrettsanlegg ved Gulestø i Bremanger kommune det har rømt fisk. Det var 191.000 laks i merden, og Marine Harvest betalar no dersom fritidsfiskarar fangar rømd laks.

– Vi betalar altså 500 kroner per innlevert fisk som kjem frå anlegget. På dette tidspunktet kan ikkje vi seie noko kor mykje fisk som faktisk har rømt frå merden, seier Hjetland.

Han seier det er for tidleg å seie kor mykje fisk som faktisk har rømt.

– Vi har god dialog med fiskeridirektoratet, og vi kjem til å ha det for å finne ut korleis skaden har oppstått og kva som skjer vidare, opplyser Hjetland.

Han fortel at det på eit seinare tidspunkt kan bli aktuelt å telje fisken som er att i merden for å sjå kor omfattande rømminga har vore.