Hopp til innhold

Kulturministeren lovar auka løyving til musea

Då kulturminister Anniken Huitfeldt vitja fylket i dag, kom ho med ein aldri så liten budsjettlekkasje. Musea i fylket får 2,4 millionar kroner meir. Det er ei gladmelding for Kvernsteinstenteret.

Kollage musea i Sogn og Fjordane

MEIR: Totalt får musea i Sogn og Fjordane 2,4 millionar meir neste år. F.v. Svor museum, Kvernsteinsparken, Sogn og Fjordane kunstmuseum, Sunnfjord museum og Dei Heibergske samlingar.

Foto: NRK

– På statsbudsjettet for neste år så kjem musea i Sogn og Fjordane til å få ein auke på 2,4 millionar kroner. Då er det nok til drift av Kvernsteinsenteret, seier kulturminister Anniken Huitfeldt.

Ho var i dag på besøk i Sogn og Fjordane der ho mellom anna vitja Høyanger sentrum og Industristadmuseet. Deretter tok ho turen til Kvernsteinparken i Hyllestad.

Imponert over engasjementet

– Det har vore eit stort lokalt engasjement for Kvernsteinsparken. Det er mange som har brunne for å vise fram denne delen av norsk kulturarv, så det gler eg meg til å fortelje, seier Huitfeldt.

Målet er å få Kvernsteinsparken inn på UNESCO si verdsarvliste, kanskje allereie i 2013.

– Eg tenkjer at det får dei arbeide med. No har vi iallfall gjort det mogleg å drive dette senteret, seier Huitfeldt.

Betyr styrking av drifta

Korleis dei 2,4 millionar kronene skal fordelast veit ein enno ikkje, slik kulturministeren ordla seg, verkar det opplagt at noko skal gå til drift av Kvernsteinsenteret.

Dagleg leiar for Kvernsteinsenteret, Astrid Waage, er glad for ekstraløyvinga.

– Dette betyr at vi får styrka drifta vår, og det gjer at vi kan styrke bemanninga med meir fagkompetanse, seier Waage.

Ho legg til at løyvinga også gjer det mogleg å byggje opp Kvernsteinsenteret til eit ressurs- og kompetansesenter på kvernsteinshistorie samt liknande emne både i norsk og i internasjonal samanheng.

– Huitfeldt gav uttrykk for at ho var imponert både over kvernsteinsparken og over den historia som han skal formidle. Ho var også svært imponert over at Hyllestad skule har vore så sterkt involvert i det arbeidet vi driv med, seier Waage.

Kulturministeren vart møtt av åttandeklasse frå Hyllestad ungdomsskule, og dei synte henne rundt i parken.

(Artikkelen held fram under biletet)

Norsk Kvernsteinssenter

NØGDE: Både f.v. dagleg leiar ved Norsk Kvernsteinsenter, Astrid Waage og kulturdirektør i Sogn og Fjordane, Ingebjørg Erikstad er glade for den varsla ekstraløyvinga.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Vil bety mykje for drifta

Kulturdirektør i Sogn og Fjordane, Ingebjørg Erikstad, er også glad for løyvinga til musea i Sogn og Fjordane.


– Eg er glad for meldinga frå kulturministeren, men det står no att å sjå i statsbudsjettet. Men dette er veldig bra, seier Erikstad.

Ho trur det er svært viktig for Kvernsteinsenteret at det no kjem middel.

– Det er viktig for at dei skal vere sikra ei føreseieleg drift. Og det er også viktig i forhold til at den formidlinga dei driv med, som er unik, seier Erikstad.

Ho peikar på at dette senteret kanskje er noko av det mest internasjonale vi har i fylket, spesielt i høve forsking.