Skiskyttaren frå Vik brukte nyttårsafta til å gå langrenn i Øvre Sirdal. Der vann ho si klasse klart, og ho var berre to minutt bak vinnaren av klassa for menn, Jan Olav Vetteland. Han er ein lovande skiskyttar, og Ann Kristin tek det som eit teikn på at langrennsforma er på veg når avstanden fram til han ikkje var større.
Det var ikkje all verdens deltaking i nyttårsrennet i Øvre Sirdal, og løypa var ikkje av dei mest kuperte. Men når ho berre er to minutt bak ein så god mannleg skiskyttar som Jan Olav Vetteland så tyder det på at ho har fått meir fart på skia. For i dei to verdscuprenna ho var med i før jul i Slovakia gjekk det ikkje spesielt fort i sporet. Rett nok vart det 24. plass i det eine rennet, men det kom av oppløftande skyting. På sprinten hamna Ann Kristin heilt nede på 83. plass.
Komande helg er det igjen verdscupdeltaking for Ann Kristin Flatland - i Oberhof. Sjølv om ho er innstilt på å rette opp 83. plassen, er ikkje plasseringa det viktigaste. - Eg har hatt nokre renn der eg ikkje har hatt den gode kjensla, no er det viktig for meg å få til eit renn der eg kjenner at kroppen fungerer, seier Ann Kristin Flatland.