Hopp til innhold

Lova seier 2 til 3 dagar – fylkeskommunen brukte 11,5 månader

Trass i tidlegare feil og sterk kritikk, Sogn og Fjordane fylkeskommune har nok ein gong slurva med å offentleggjere dokument.

Skjermbilde av postjournal

KRAFTIG FORSINKA: Fleire epostar, møteinnkallingar og andre dokument frå 2017 er ikkje gjort offentlege før i januar 2018.

– Det overraskar meg gong på gong korleis folkevalde handterer demokratiet, seier ekspert på offentlegheit og presseetikk, Gunnar Bodahl–Johansen.

Minst 38 dokument frå fjoråret er gjort offentlege på fylkeskommunen sine postlister siste dagane. Nokre av dokumenta er frå februar 2017. Det er nær eitt år etter kravet om fortløpande publisering.

– Dette er i strid med lov og forskrifter om korleis journalføring skal gå føre seg. Det er også eit demokratisk problem. Innbyggjarar, media og organisasjonar vert hindra i å følgje med på kva fylkeskommunen driv med, seier generalsekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforening.

– Uakseptabelt

Dette er ikkje første gongen Sogn og Fjordane fylkeskommune får kritikk for si handtering av dokument. Då Fjord1 vart selt, fekk fylkeskommunen sterk kritikk for at ein ikkje fekk innsyn i ei rekkje dokument i samband salet.

– Kva seier lovverket om tidsbruken?

– Journalføring skal i utgangspunktet skje fortløpande. Det er allmenn akseptert at det betyr to til tre dagar. I desse tilfella, så er i prinsippet reglane brotne, så det held, seier Jensen.

Heller ikkje Bodahl–Johansen er imponert over fylkeskommunen si handtering.

Gunnar Bodahl-Johansen

OVERRASKA: – Eg vert veldig overraska over at politikarar og tilsette i forvaltninga ikkje forstår at dette er saksdokument som skattebetalarane har rett til innsyn i.

Foto: Institutt for Journalistikk

– Den er heilt uakseptabel. Journalføringa skal skje fortløpande, for journalen er sjølve inngangsportalen for innbyggjarane og alle andre, for kva som skjer i forvaltninga.

I fjor avdekka ein rapport at fylkeskommunen hadde mangelfulle rutinar rundt arkivering og innsyn, og dei fekk på ny kritikk for ikkje å vere opne nok.

Lovar bot og betring

Hos fylkeskommunen vedgår assisterande fylkesrådmann Paal Fosdal at dei ikkje har gjort ein god nok jobb.

– Det er klart at dette ikkje er i tråd med dei retningslinjene og rutinane vi har. Dette skulle vore journalført mykje før.

Fosdal avviser at dokumenta frå 2017 er haldne tilbake med viten og vilje.

– Nei, dette er eit forsøk på å rydde opp i eit etterslep. Her kan skje feil, og då må vi prøve å ta det igjen så fort vi avdekkjer det, seier Fosdal.

– Dette er ikkje første gong de får kritikk. Kvifor er det så vanskeleg å gjere dette riktig?

– Vi har sett i gong eit ganske stort arbeid med å få på plass ein ny arkivplan. Vi har oppdatert ein del rutinar og laga nytt opplegg for opplæring av medarbeidarane, seier Fosdal.