NRK Meny
Normal

Må reise heim til Afrika

Isaac Loute har prøvespelt for Sogndal, men får ikkje kontrakt. No må han reise heim til Benin.

Isaac Loute

IKKJE RETT MANN: Isaac Loute hadde ikkje kvalitetane Sogndal var på jakt etter.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Isaac Loute har prøvespelt for Sogndal den siste tida. Men no er klubben komen fram til at han ikkje får kontrakt vidare, i følgje Sogn Avis.

19-åringen kjem frå det afrikanske landet Benin, og må no reise heim att.

Sportsleg leiar Trond Fylling seier til avisa at Loute ikkje hadde dei kvalitetane dei var på jakt etter.

– Han er ein god spelar, men me ønskjer oss ein litt meir utprega kantspelar som er god begge vegar. Isaac har ikkje så mange defensive fiber, så me har bestemt oss for å ikkje gå vidare med dette.

Loute har tidlegare sagt at han ønskte å bli verande i Sogndal.

Isaac Loute

MÅ HEIM: Isaac Loute kjem frå det afrikanske landet Benin. No må han reise heim att, sidan Sogndal ikkje ville ha han.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.