NRK Meny
Normal

Lot seg frivillig arrestere på politidagen

Over heile landet har politiet invitert til open dag på politihusa i dag. I Florø kom fleire hundre for å bli betre kjende med politiet.

I dag er det politiets dag, og i Florø fekk folk sjå litt nærare på politiet sitt arbeid, politibilar og tenestepersonane sjølve.

Wenche Hope er stasjonssjef på politihuset i Florø, og såg ut til å kose seg mellom alle dei besøkande.

– Tanken er å vise folk kva politiet gjer, så folk får sjå dei ulike gjeremåla våre. Vi viser dei rundt på politihuset og slår av ein prat med folk, slik at folk kan bli betre kjende med politiet, seier ho.

Politiet opna dørene i Florø

SJÅ VIDEO: (Foto: Truls Kleiven)

Landsomfattande bli kjent-dag

Politiet har vist fram politibilane sine, folk har fått prøve å ta fingeravtrykk, og folk har fått målt kor fort dei kan springe. Og dei som turde det, kunne prøve seg på ein tur i arresten.

Etter det NRK erfarer vart alle slopne ut etterpå.

Politiets dag er ein landsomfattande dag der folk kan bli betre kjend med politiet. Og i Sogn og Fjordane er det på politihuset i Florø det skjer i dag.

– Det er ein landsomfattande aksjon der vi ønsker å vise publikum kva politiet driv med, komme i kontakt med folk, og ha ein god dialog. Mykje kan løysast over ein kaffikopp, og det er ein god ting å vise at politiet er interesserte i å ha kontakt med folk.

Fleire hundre

Det viste seg at det var tor interesse for å få innsikt i politiet sine arbeidsoppgåver. Hope er særs nøgd med oppmøtet.

– Det har vore mange hundre her i dag, og det har vore trøkk heilt sidan vi opna dørene her klokka 11. Så vi er kjempenøgde, seier stasjonssjefen.

I dag hadde politihuset i Florø ekstra politifolk på plass, frå ulike avdelingar i Florø, i tillegg til folk frå Bremanger.

Vegopning på Bergum i Førde kommune