Krasja med sommardekk på vinterføre

Sunnfjordingen hadde latt kameraten skifte dekk på bilen. På glatt føre frontkolliderte han med ein annan bil i Fjærland. No er han dømd for ulukka.

Kollisjon i Fjærland

KOLLISJON: Sunnfjordingen kontrollerte ikkje sjølv at kompisen hadde sett vinterdekka på bilen hans. Etter ulukka fann politiet to sommardekk og to vinterdekk som ikkje stetta krava.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Oddleif Løseth
Journalist

Mannen i 30-åra kom sjølv uskadd frå ulukka i midten av desember i fjor, medan føraren av den møtande bilen fekk brot i ryggen og vart liggande fire dagar på sjukehus.

No er sunnfjordingen dømd til fengsel i 15 dagar, og 8 000 kroner i bot, etter ulukka.

Sommardekk og slitne vinterdekk

Mannen erkjende straffskuld då saka nyleg var oppe i Sogn tingrett.

Ulukka skjedde då han var på veg for å besøke ein sjuk kamerat, men i Fjærland mista han kontroll over køyretøyet på det glatte føret , og krasja med ein møtande bil.

Under etterforskinga fann politiet to piggfrie vinterdekk og to sommardekk på bilen til sunnfjordingen. Vinterdekka hadde spordjupne på 1,6 millimeter. Kravet er tre millimeter.

Kom heim frå ferie

Sunnfjordingen forklara at ein kamerat skulle setje på vinterdekka medan han sjølv var vekke på ein lengre ferie. Då han kom heim fekk han lovnad om at dette var gjort, men kontrollerte ikkje sjølv om vinterdekka var på før han la ut på vinterføret.

– Det sentrale er derimot at det var hans ansvar å sjå til at han køyrde med dekk som sikra tilstrekkeleg veggrep, skriv tingrettsdommar Kristine Geirsdatter Celius.

Retten meinte aktløysa var så graverande at den kvalifiserte til ei kortare fengselsstraff. Straffa slepp mannen å sone, så lenge han ikkje gjer nye lovbrot dei neste to åra. Han vart også frådømt retten til førarkort i tre månader, men denne perioden er allereie sona.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.