NRK Meny
Normal

Barten til Marius var verdt 700 kroner etter ein månad

I heile november har menn over heile verda spart bart og samla inn pengar til kampen mot kreft. I dag lot Marius Reiakvam sin bart falle direkte på NRK Sogn og Fjordane.

Marius Reiakvam

TOK BARTEN: Marius Reiakvam lot barten falle på direkten. T.v. programleiar Eldgrim Fossheim som har hatt bart og skjegg i mange år.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Movember har den blitt kalla, rørsla som har sørga for at tusen på tusen av menn over heile verda har fått litt meir hår på overleppa enn vanleg. Samstundes har folk kunne donere midlar til kampen mot prostatakreft via movember.com.

– Katt med skabb

Direkte på ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane undra programleiarane Eldgrim Fossheim og Karl Kristian Langeland på kor nøgd Marius Reiakvam var med sin bart etter snart ein månad sparing.

– Kor fornøgd kan ein vere? Den minna vel litt om ein katt med skabb. Eg har kalla barten for Kåre, oppkalla etter ein kollega fordi den blei så stusselig. Og han kallar jo igjen sin for Marius fordi den er ganske feit, fyldig og fin, lo Reiakvam før han skrapa vekk bartefjona med høvel.

marius reiakvam

FØR: Slik har Marius Reiakvam sin bart sett ut dei siste vekene. No er den borte.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Mykje pengar innsamla

Barten til Reiakvam har folk betalt 700 kroner for, men på verdsbasis er det samla inn nær 600 millionar til movember-rørsla no i november!

– Bart er jo eit maskulint symbol, det er jo i hovudsak menn som har bart og det er vel rett og slett for å vise at ein bryr seg. Det er jo synleg når ein går rundt ein månad med bart, mildt sagt, meiner den unge naustedølen.

Har du vore med på Movember? Send ditt bartebilete til oss i NRK Sogn og Fjordane på sf@nrk.no!

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå